Den bortkomne forfattaren

25. januar 2019 18:00
Storsalen, Garborgsenteret
100,-

Rogaland er eit rikt litteraturfylke med mange forfattarar. Nokon blir buande heime mens andre dreg sin veg slik Garborg gjorde, og flyttar aldri heim att. Til kveldens bokprat skal Garborgdagar snakka med Oda Malmin, ein «bortkomen» forfattar frå Stavanger, men med nær tilknyting til Jæren. Ho skal lesa frå og snakka om debutromanen Steinauge, ein bonderoman frå Jæren om syskenbarna Ingeborg og Randi som frivillig eller ufrivillig held saman gjennom heile livet, til dess dei blir tvungne til å sjå kvarandre med nye augo når livet er på hell. Malmin skal snakka med Ørjan Zazzera Johansen, formidlar på Garborgsenteret, men òg lokal forfattar som har valt å flytta heim. Velkommen til ein prat om lokal identitet, historie og litteraturen som dreg oss ut i verda eller heim.

Arr.: Garborgdagar 2019