26. januar 17:00
Huldas kjøkken, Garborgsenteret Gratis

I Heimfødingar får publikum bli kjent med nokre av dei lokale forfattarstemmane og høyra noko av litteraturen som blir skriven i Rogaland i dag.

Me møter mellom anna Kristin Auestad Danielsen (bildet) frå Ålgård, no busett i Stavanger. Ho skal lesa frå sin nye roman «Vår vesle» som handlar om å vera vaksen og flytta heim til foreldra sine når livet ikkje gjekk som det skulle. Morten Bjerga kjem frå Sandnes og skal lesa frå romanen «Lars O. Bru og havet» frå 2017, men han har òg lova å lesa ferske utdrag frå sin komande roman.

Konferansier: Peter F. Strassegger.

Gratis inngang!

Arrangør: Garborgdagar 2019
www.garborgdagar.no

Arrangementet er støtta av Rogaland Forfattarlag og Norsk kulturfond / Kulturrådet.

 

Foto: Ørjan Zazzera Johansen, Garborgsenteret.