Kvar veke på NRK P1 går Janne Stigen Drangsholt, Bjørn Olav Skjæveland og Per Øystein Kvindesland gjennom ein klassikar på fire minutt, slik at me i selskapslivet kan lata som me har lese dei. I anledning Garborgdagar har dei sett saman ei spesialsydd forestilling som i tillegg kan hjelpa dei som ikkje har lese Jæren sin store son, men som ønskar å lyga om det. Trioen går òg gjennom spørsmål som kva er ei klassikar, kven les klassikarar og kvifor ønsker me å gje inntrykk av å ha lese desse bøkene? Serien finst òg som poddkast under tittelen “Kjente bøker på fire minutter”.
Arr.: Garborgdagar 2019