Foredrag 7. september: Erotikk og kvinnesak hjå Garborg og Obstfelder

7. september 2016 19:00
Garborgsenteret
100,-

Professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen (UiS) held foredrag i høve 150-årsjubileet for Sigbjørn Obstfelders fødsel.

Garborg og Obstfelder var gode vener, men dei tenkte også nokså likt om tilhøvet mellom kvinne og mann. Mange kjenner til arbeidet Arne Garborg gjorde og som fekk verknad for kvinnesaka. I dette arbeidet ligg der også eit ønskje og ein lengt om verkeleg venskap, verkeleg kjærleik og fri erotisk utfalding mellom kvinne og mann. Færre kjenner til at Sigbjørn Obstfelder alt frå skuletida var oppteken av nett dei same spørsmåla, vart inspirert av Garborg, og at eit tilsvarande samantvinna frigjeringsprosjekt kan sporast i diktinga hans. Føredraget trekkjer mellom anna fram ein ukjend tale av Obstfelder om kvinnene si rolle, og erotiske ungdomsarbeid, og ser dette oppimot seinare arbeid.

Foto: Gyldendal