Litterær lunsj er eit månadleg gratis arrangement i regi av Time Bibliotek, kor Garborgsenteret to gonger i året bidreg med innhald.
Torsdag 24. oktober var det forfattar og Garborg-formidlar Ørjan Zazzera Johansen som stolt presenterte sine oppdagingar frå gransking av nekrologane til Arne Garborg .
«Kunnskapen og interessa for Garborg var vanvitig stor. Berre frå dei fire fyrste dagane etter han gjekk bort, fann eg 140 nekrologar»,fortel Johansen, som ikkje legg skjul på at dette er tal han meiner er på høgd med Bjørnson og andre kjende offentlege personar frå denne perioden.
Ein aktiv samfunnsdebattant

Johansen minner om at Garborg som redaktør i den første landsdekkande dagsavisa på nynorsk «Den 17de Mai», og med over 2000 avisinnlegg, ikkje stod heilt uimotsagt. Men nekrologane avslørar ei viss beundring likevel.
«Hans politiske motstandarar såg på han som eit forbilde. Avisene som ikkje kunne fordra Garborg medan han levde, løfta han opp med ein gong han var død. I tillegg skreiv dei om kor viktig han var for kulturen i Norge,» slår Garborg-formidlaren fast.
Forkjempar av ytringsfridom

Johansen fortel at ytringsfridom stod sterkt hos Arne Garborg: «Allereie på 1880-talet snakkar Garborg om allmenn stemmerett, ytringsfridom og religionsfridom. På hans tid var det vanskelegare å koma til orde, med sosiale media i dag er det heller motsett. Alle kan koma til orde kva tid som helst, men konsekvensen er fort at ein seier ting utan å tenka seg om.»
Lærdom frå Garborg
Johansen trekk fram at noko av det viktigaste ein kan læra av Garborg, er evna til å skifta meining.
«Han skiftar mening heile tida. Det er nok også ein av grunnane til at han som samfunnsdebattant er blitt litt gløymt. For det er ikkje så lett å setta han i bås og bruka han som representant for ei retning og så vidare. Han er berre på jakt etter sanninga», fortel Johansen.
Nekrologar i bokform

Eit utval av nekrologane kjem i tida framover til å vera på utstilling på Time bibliotek, i lag med sløyfene som vart nytta i gravferda til Arne Garborg. Nekrologane er også med i boka «Lokalhistorisk årbok for Rogaland 2024», som ein kan få kjøpt på Garborgsenteret.