Kolbotnbrev

Litterær lunsj

19. desember 2019 13:00
Huldas kjøkken
Gratis

Garborgsenterets Ørjan Zazzera Johansen fortel om Arne Garborgs meisterlege essay Kolbotnbrev. Boka kom ut i 1890 og tar utgangspunkt i avisartiklar forma som brev og trykte i Fedraheimen. I Kolbotnbrev fortel Garborg med humor og energi om korleis det var å mista jobben, gifta seg, bli far, eiga ein ustyrleg hund og å ikkje vera så god til å gå på ski. Han skildrar også nokre av sine første angstanfall og korleis han forsøker å trøysta seg med konjakk.

Foto, øvst: Jan Nordtveit.

Foto, nedst: Time bibliotek.