Sommarkveldar på Knudaheio: Den bortkomne faderen/Haugtussa i nye tonar

21. juni 2020 18:00
Knudaheio

orbjørn Berglund Eriksen, opplesing: Den bortkomne Faderen (utdrag).
Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan, konsert: Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar.

Arrangementet varer 1,5 time. Som følgje av smittevernreglane, har vi 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel.

Den bortkomne Faderen

Den bortkomne Faderen (1899) er Arne Garborgs kortaste og vakraste roman, ein poetisk og musikalsk tekst om livets meiningssøkande spørsmål. I 2019 las skodespelar Torbjørn Berglund Eriksen boka i si heilskap under Garborgdagar. I ei noko forkorta utgåve tok han romanen med seg på turné frå Litteraturhuset i Oslo, til Tou Scene i Stavanger hausten 2019. På konserten 21. juni på Knudaheio får publikum høyre utdrag frå romanen.

Etter at han blei uteksaminert frå teaterhøgskulen (KHiO) i 2003 har Torbjørn Berglund Eriksen vore tilsett ved Rogaland Teater og Det Norske Teatret. Sidan 2010 har han arbeida som frilans skodespelar. Han har blant anna spelt roller som Werther i «Unge Werthers lidingar» (2010), Orin i «Sorga kler Elektra» (2012), tittelrolla i «Hamlet» (2014). Dei to sistnemnde tolkningane fekk Berglund Eriksen Heddapris for.

Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar

I oktober 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg.

Songar Jorunn Undheim vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden der diktarstova Knudaheio i dag ligg, og i naturen som Garborg skildrar i diktsyklusen. Gjennom musikken, og ikkje minst gjennom Sigbjørn Reime si språkmoderniserte utgåve av syklusen, presenterer «Der draumar sviv» ei Haugtussa for vår tid.

Sundag 21. juni vert musikken framført i hagen på Knudaheio.

Les konsertmelding frå duokonserten her: https://artistfoto.no/2020/03/10/haugtussa-tidenes-mest-intime-intimkonsert-nordberg-fort/

Kjøp billett her

Konsertane vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter.