Kvile sans façon

Han vann ikkje konkurransen om berømte siste ord, forfattaren Arne Garborg. Han hadde hatt lungebetennelse, og vore sengeliggande i ti dagar heime i Asker, då han kl. 14 den 14. januar 1924 mumla «kvile sans façon» til kona Hulda – og døydde. Tidlegare hadde han kalla dauden «den store kvila», men setninga er likevel uklar. Litt fransk kunne han, men me har ikkje kjelder på at han brukte å slenga franske ord om seg. «Sans façon» var derimot eit fast uttrykk i Noreg i 1920-åra, og betydde «simpelthen» eller «enkelt og greitt». Den mest rimelege tolkinga er kanskje at nå skulle han «berre kvila», letta over å sleppa å li meir. Alternativt kan han ha meint at han ikkje trudde på eit liv etter døden.

Dødsfallet knuste henne. Dei hadde hatt eit komplisert samliv, mest på grunn av hans lange depresjonar og introverte karakter, men kjærleiken var sterk. Saman hadde dei sonen Tuften, svigerdottera Aagot og fire barnebarn. Alle budde på familietunet Labråten i Asker.

Hulda sette seg til å lesa dagboka til mannen sin, men braut snart saman. Ho var så sorgtyngd at ho ikkje kom seg opp av senga på fleire dagar. Det var Tuften som måtte planlegga gravferda, noko som skulle visa seg å bli vanskelegare enn nokon kunne ha førestilt seg. For her var det ikkje berre ein ektemann, ein far og ein farfar som var død, men den unge nasjonens viktigaste intellektuelle.

Det var den store forfattaren, den sterke norskdomsføraren, den utrøyttelege fridomskjemparen som var borte. Tomrommet breidde seg over Noreg.

Stortingspresident Ivar Lykke heldt minnetale på Stortinget same ettermiddag. Han begynte med orda: «Ærede representanter! Norge har mistet en av sine største sønner! Arne Garborg er død.» Statsminister Abraham Berge var til stades og foreslo straks ei gravferd på staten sin kostnad. Dette fekk einstemmig bifall av representantane.

Det var gått 14 år sidan sist ein forfattar var blitt tildelt ei slik ære. Den gongen var det Bjørnstjerne Bjørnson. Det skulle gå 25 år til neste gong, då med Sigrid Undset.

Samtlege riksdekkande aviser førte nekrolog. Mange sette han på førstesida.

«Eit syrgjebod av dei aller tyngste maa vi bera fram i dag. Noregs største son er ikkje meir», skreiv Den 17de Mai.

Dødsbodskapen «gaar landet over og sænker sorg og vemod i alle Sind», skreiv Stavangeren.

«Allikevel vil han bli ved at leve, saa længe dette landet har evne til at vække længselen i noget hjerte», skreiv Dagen.

«Vaar største og mest sermerkte diktar», skreiv Agder Tidende.

«Garborg inntar hedersplassen som den norske litteraturens ypperste folkelige og nationale dikter,» skreiv TT.

«Han åleine var so god som ein heil bokheim», skreiv Nordtrønderen.

Garborg var «i slekt med den dybeste understrømning i den angelsaksiske verdenslyrikk», skreiv Dagbladet.

«Han skapade det moderne litteraturspråket för nationen», skreiv Svenska Dagbladet.

«Høvdingen i norsk litteratur», skreiv Grimstad-posten.

«Det er ikke for meget sagt, at Norge igaar mistet sin største aandshøvding», skreiv Indlandsposten.

«Den mann er gjengen burt som hev havt meir innverknad på sine samtidingar enn nokon annan i landet», skreiv Bondebladet.

«Det er heller ikkje berre ein mann som gaar burt. Det er ein tidsbolk i Noregs saga», skreiv Agderposten.

«Soga um Arne Garborg er soga um eventyrguten meir enn um nokon annan nordmann i den siste hundradaare», skreiv Bergens Tidende.

«Han var den store tænker og den store digter, et geni», skreiv Stavanger Aftenblad.

«For alt han har gjeve, takkar ungdommen i dag. Og mest fordi han «auka ljoset i verda», skreiv Stavanger Aftenblad i ein annan av sine nekrologar.

«Han overlater til eftertiden verdier som aldrig vil tapes, aldrig dø», skreiv 1ste Mai.

Den nye Social-demokraten oppsummerte slik: «ein stridsmann som slo hardt daa han saag uretten breida seg, ein tenkjar som aldri unte seg fred eller ro før han naadde fram til kjernen i problemet, ei lidande sjel paa leiting etter den fred som hans sanningskrav alltid skauv undan, ein klaartenkt idealist som sette arbeidet for rett og rettferd til livsmaal, ein einsleg, utrøytande arbeidsmaur som saag alt og eigna seg til alt som rørde seg i folket, og som i sitt livsverk har gjeve sitt folk evelege verdiar».

Det hadde ingen ende. Nokre aviser trykte fleire nekrologar i same nummeret. Andre skreiv om Garborg i fleire nummer etter kvarandre.

Den offentlege hyllinga skjulte eit høgst privat drama. For kor og korleis skulle nasjonalskalden gravleggast? Gravferd på statens kostnad var eit tveegga sverd for Hulda Garborg. Noreg var eit kristent land, men Garborg hadde meld seg ut av statskyrkja. Den sengeliggande Hulda trudde mannen ønskte seg ei borgarleg bålferd.

Trass familiens protestar bestemte Stortinget alt dagen etter dødsfallet at ein seremoni skulle haldast måndag 21. januar i Trefoldighetskirken i Oslo. Garborg sin venn, presten Ivar Mortensson skulle tala ved båra.

Tuften møtte Stortinget på familiens vegner. Hulda hadde lese i Arne Garborg si dagbok at draumen hans var å bli lagt i ein haug i ein lund. Dette kunne berre bety Knudaheihagen ved diktarstova hans på Undheim, der han hadde planta tre. Men for å bli gravlagt i uvigsla jord trong ein løyve frå regjeringa.

Det blei komplisert. Familien fekk beskjed om at ein seremoni uansett måtte haldast i Trefoldighetskirken, hovudstadens største kyrkje, fordi heile regjeringa og Stortinget skulle delta.

Til slutt måtte Hulda, utslitt av sorg, gje seg. Arne Garborg tilhøyrte ikkje berre familien, men heile det norske folket. Ho aksepterte planane så lenge seremonien var borgarleg. Ho aksepterte òg at Ivar Mortensson talte, så lenge han gjorde som Garborg sin venn og ikkje som prest.

Men eit par dagar før seremonien viste det seg at Mortensson forberedte seg på å halda preiken som prest. Han hadde trykka opp religiøse dikt til seremonien som Garborg aldri ville ha akseptert, meinte Hulda. Ho raste, men det var for seint å endra noko nå. Dagen kom. Det gjorde heile regjeringa og eit samla storting òg. Kyrkja var heilt full av øvrigheit og lekfolk, 3000 til saman. I tillegg måtte mange bli ståande utanfor.

Dørene gjekk opp. Alle reiste seg og bukka då kong Haakon kom gåande gjennom midtgangen på krykker, stavrande, tett følgd av ein adjutant klar til å fanga Hans Majestet skulle han snubla. Kongen fekk sete heilt framme, sidelengs, nesten i midtgangen, slik at alle kunne få sjå han.

Kong Håkon midt i bildet. Båra oppe til venstre.

Seremonien begynte med Ivar Aasen sin song «Heimen er både vond og god», følgt av Garborg sin eigen «Det stig av hav». Så talte Mortensson. Han begynte passande nok med å sitera Garborg si einaste salme, «Gud signe Noregs land», også kalla «nynorskens nasjonalsong». Minnetalen var skriven på bunden form:

«Naar handi eg leggover augo,
Daa mun eg sjaa deg so greidt,
Slik som du var i dei femti aari,
Daa her me tilsaman gjekk.

Daa ser eg ein mann som med lykti i hand
Gjeng leitar og leitar paa strand.
Um eitkvart han finn, han leitar på nytt.»

Slik fortsette Mortensson med eit vakkert flettverk av eigne og vennen Garborg sine ord. Endå så vonbroten Hulda var på Mortensson og stortinget, tykte ho teksten var fager. 70 kransar blei lagde ved båra. Tolv studentar vakta båra og bar ho ut av kyrkja.

Arne Garborg blei kremert og Hulda fekk oska med seg. Så følgde ein ny, vanskeleg kamp i sorga. Eit lite trekantdrama oppstod mellom familien, Time kommune og Time mållag om Knudaheio. Til slutt fall ting på plass. Kommunen overtok eigarskapen, mållaget fekk disponera huset (som snart blei museum) og den 7. juni 1925 blei Arne Garborg, med løyve frå regjeringa, hauglagt i lunden sin på Høg-Jæren.

Endeleg «kvile sans façon».

Avisforsidene er lasta ned frå Nasjonalbiblioteket. Bildet frå bålferda tilhøyrte Hulda Garborg (fotograf ukjend) og er nå i Jærmuseet si samling.

Ein kortare versjon av denne artikkelen blei publisert i Stavanger Aftenblad 13.1.24.