Veit du kor «nobelmedaljen» til Arne Garborg er?

Berre veker etter at nynorskhatet prega valkampen fekk Jon Fosse nobelprisen i litteratur. Nå kan alle sjå at det beste landet vårt har å by på, er på nynorsk. Hurra for Fosse!

Og eit lite hjartesukk med det same: Kvifor såg ikkje Svenska Akademien til nynorsken tidlegare?

Allereie i 1902 blei Arne Garborg nominert til nobelprisen i litteratur, som første nordmann i lag med Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen, som begge var ein generasjon eldre. Den aller første nobelprisen i litteratur var utdelt året før og norsk litteratur stod høgt i kurs, ikkje berre i den svensknorske unionen, men i den vestlege verda. Dette var siste delen av «gullalderen» i norsk litteratur. Forfattarane sette dagsorden og hadde stor påverknadskraft. Alle desse tre var store internasjonale namn, men berre Garborg skreiv på nynorsk. Han og Bjørnson var stadig i tottane på einannan og enda opp med å fronta kvar si målform.

Den 26 år gamle bondesonen Arne Garborg stod fram som nynorskrørsla sin førar så tidleg som i 1877. Dette var ein posisjon han skulle ha til sin død. Det kunstnariske gjennombrotet kom først i 1883 med romanen «Bondestudentar». Utover på 1880-talet stod han fram som «Noregs farlegaste mann» og på 1890-talet kom det internasjonale gjennombrotet. Meisterverk følgte meisterverk. «Mannfolk» i 1886, «Kolbotnbrev» 1890, «Trette menn» 1891, «Fred» 1892, «Haugtussa» 1895, «Den bortkomne faderen» 1899. Fleire av desse var internasjonale bestseljarar og Garborg fekk æra for å ha innført naturalismen til Tyskland.

Han kunne vel få nobelprisen?

Arne Garborg. Foto: Nasjonalbiblioteket.

1902 var for tidleg for nynorsk. Rett nok hadde Stortinget sidestilt det med bokmål, men formvariasjonane var store. Både sidemålsstilen og Noregs mållag låg nokre år inn i framtida. Svenska Akademien sleit litt med å forstå det nye og uvande skriftspråket, sjølv om det likna meir på svensk enn kva dansk og bokmål gjorde. 

Den store Ibsen døydde truleg frå prisen i 1906, Bjørnson fekk han i 1908. Men Garborg hadde stigande stjerne.   

Med åra la lesarane meir merke til kunstnaren Garborg, noko mindre til samfunnskritikaren. Bøkene heldt seg. Han var også ein moderne forfattar. Samfunnsskildring, naturskildring, menneskeskildring og lyrikk smelta saman i ei høgare eining.

«Eg er poet», seier romanforfattaren, essayisten og dramatikaren Fosse. Det same kunne Garborg ha sagt. Gjennom poesien får ein auge på «det useielege», som Svenska Akademin sa om Fosse. «Fred» er ei av dei mest lyriske romanane i den norske bokheimen, «Haugtussa» er er lyrikk sett inn i ein episk samanheng.

«Noregs farlegaste mann» stod fram som meir spiseleg for kvart år som gjekk. Ikkje fordi han var blitt mindre radikal, mindre prinsipiell eller mindre folkeleg, men fordi det hadde vakse fram ein ny generasjon lesande borgarskap som var einige med han. Visst skulle me ha menneskerettar i Noreg, visst skulle me ha eit demokratisk og rettferdig samfunn, visst skulle dei fattige få same moglegheiter som dei rike. Og ja, visst skulle alle kunna lesa og bruka sitt eige språk!

Arne Garborg hadde vore forut for si tid. Nå gjekk tida i takt med han.

Etter fem nominasjonar såg det endeleg ut til å bli hans tur. I 1920 var den då 69 år gamle nynorskføraren favoritt. Målrørsla førebudde seg på siger. Og etter ein lang prosess sat Svenska Akademien igjen med berre to namn: Garborg og ein annan nordmann, Knut Hamsun.

Det var «Fred» mot «Markens grøde». Enok Hòve mot Isak Sellanraa.

Og det vart vanskeleg. Dei vridde og vrengte på hovuda og omgrepa. Kva for ei bok var best? Kva hovudperson var djupast? Kva forfattar var mest human?

Dei vurderte å dela prisen mellom dei, endå Hamsun hadde ymta om at han ville sleppa å dela prisen med ein nynorskforfattar..

Og til slutt fall valet på Hamsun åleine, rettferdig eller ikkje. Etterpå sa rykta at Hamsun hadde vunne med fire stemmar (Svenska Akademien har 18 medlemmar). Skuffelsen var uansett stor i Nynorskland. Det finst ikkje sølv- eller bronsemedaljar i kampen om nobelprisen. At Hamsun hadde vunne var inga trøyst. Han skreiv jo nesten dansk!

Målfolket bestemte seg for å samla inn ein trøystepremie til Garborg, overrekt på 70-årsdagen 25. januar 1921. Det vart ei grandios gåve. Pengestraumen tørka ikkje inn før summen nådde 104 000 norske kroner, to tredelar av prisen. I dag er nobelprisen på 11 millionar svenske kroner og to tredelar er omkring sju millionar, men av ulike grunnar tilsvarer gåva rundt tre millionar kroner i dag. Dette var uansett store pengar for ein mann som hadde levd delar av livet i fattigdom, det er berre å lesa «Bondestudentar» eller «Kolbotnbrev» for å skjøna det.

Pengane var også uttrykk for takksemd etter at Garborg ved minst to høve valde fattigdom framfor rikdom, han ville nemleg vera fri til å kjempa dei svake si sak. Dette skjedde først i 1873, då han takka nei til eit jobbtilbod frå svenskekongen for å kunna kjenna seg fri til å kritisera monarkiet; og dernest i 1886, då han mista jobben som statsrevisor etter samfunnskritikken i romanen «Mannfolk».

Folkegåva til Garborg er utan sidestykke i norsk litteraturhistorie, men hadde truleg sin inspirasjon frå Sverige, der folk hadde rast då August Strindberg blei forbigått i 1912. Fattigfolk, som såg på Strindberg som sin talsmann, samla inn 45 000 kroner til han, pengar han straks løyvde tilbake til dei fattige.

Strindberg fekk også sin trøystepremie på bursdagen. Nokre månadar seinare var han død.

Men Garborg fekk meir enn pengar. I «Kolbotnbrev» hadde han skrive at han hadde alt han trong, bortsett frå ein hest. Dette hugsa folket 30 år seinare, så hest fekk han, ein fjording, og ein medalje.

Hesten Garborg fekk til venstre. Kona Hulda, svigerdottera og barnebarn til høgre. Foto: Asker museum.

Så fanst det ein sølvmedalje likevel, kanskje den einaste i nobelhistoria! Han er ikkje offisiell, han er gitt som gåve frå det norske folket, men det gjer han jo ikkje mindre spesiell.

Me veit ikkje kven som eig han. Me veit ikkje kven som har laga han, eller kvifor han ser ut som han gjer. Me veit korleis han ser ut, men det er fordi me har fått tak i eit bilde.

Så her kjem ei oppfordring frå oss: Veit du kor han er? Garborgsenteret vil gjerne fotografera og dokumentera han, medaljen er del av ei heilt spesiell nobelhistorie, aktualisert i år av at Jon Fosse blei tidenes første nynorskvinnar.

Den er også eit prov på Arne Garborgs status som diktar, tenkar og målmann.

Siste gongen Garborg blei nominert var i 1921. Då var konklusjonen at dei ikkje kunne gje prisen til ein nordmann to år på rad. Og i januar 1924 døydde også han.

14. januar 2024 er det hundre år sidan Arne Garborg døydde. Får me sjå medaljen før den tid?

Heldigvis var ikkje nynorskens nobelhistorie slutt med Garborg. Allereie i 1926 var Olav Duun like nære. Tarjei Vesaas blei nominert over 20 gonger, noko som kan ha vore rekord. Fleire nynorskforfattarar har vore aktuelle, men sidan Svenska Akademien ikkje offentleggjer sine papir før etter 50 år, må me venta litt før me veit meir.

Og i mellomtida vann Jon Fosse! Hurra for han!

Her kan du lesa meir om Garborg si nobelhistorie

Foto av medaljen: Tronn Skånvik.