Knudaheio

Knudaheio er Arne Garborg si sommarstove ved Undheim på Jæren, og stod ferdig i 1899. Frå då av reiste Arne hit for å skriva nesten kvart år til han døydde i 1924. Innreiing og inventar er autentisk. Dei fleste fotografia som er tatt av Arne i og utanfor huset er og utstilt inne, saman med kopiar av førsteutgåver av dei fleste bøkene han skreiv, møblar og andre eigedelar. Utvendig framstår huset slik det gjorde i 1909, då det vart kledd med ståande panel. Det biografiske verket Knudaheibrev (1904) er skrive her, og har fått namn etter staden.

I 1924 donerte enka Hulda Garborg eigedomen til Time kommune. Både Arne og Hulda er hauglagde i hagen på eigedommen.

I samband med Garborg-året 2001 vart det sett opp to minnesmerke ved Knudaheio: steinandletet «All denne fagre utsyn» av Hugo Frank Wathne, og varden «Tek kvar og ein sin vesle stein» av barna i krinsen.

Inne er det utstilling av dei fleste bilda tatt av Garborg i og utanfor huset, diktaren sine møblar og andre eigendelar, samt kopiar av førsteutgåver av dei fleste bøkene.

Knudaheio er open søndagar, kl. 12-16, f.o.m. 1. mai og ut september. Sommarope kvar dag frå 1. juli til midten av august, kl. 12-17.

Inngangspengar Garborgheimen og Knudaheio: kr 40,-; alle under 18 år går gratis. Løyst billett på ein av stadene gjeld òg på den andre (samt Fotland mølle) same dagen. Ein får også rabatt på inngangsbilletten til Garborgsenteret ved framvising av billett frå Garborgheimen eller Knudaheio.

Det kan bestillast historieformidling/guiding gjennom heile året.
Kjelder: Wikipedia og Time kommune.

Les meir om Knudaheio