Vil du bli rik?

I utstillinga om stemmerettsjubileet fekk me inn over 130 forslag på kva ein har lyst til å bli. 4,6% vil bli rik.

Nå har me gått igjennom lappane og gjort oss opp eit bilete av Noregs framtid. Om lag tre fjerdedelar av forslaga kom frå jenter, men berre gutar valde handverkaryrke. Ser me på ønska samla, viser det seg at flest vil bli (eller allereie er, det var opning for å skriva opp det yrket ein allereie hadde) lærar (12 stykk skreiv dette), følgt av frisør og sjukepleiar (7 på kvar), barnevernspedagog og ingeniør (6 på kvar).

Meir spesielt var det kanskje at like mange ville bli rik. Dersom «rik» er ein yrkestittel ser vel stillingsannonsane slik ut: «rik søkest» – og i så fall er det vanskeleg for mange av oss å koma seg inn på marknaden. Les meir

Så følger politi, skodespelar, lege, artist, barnehage, hjelpepleiar og designar. Deretter følger ei mengd meir eller mindre vanlege yrke, og mellom desse finn me statsminister, astronaut, dronning, rettferdig konge, gynekolog, bossmann, handballspelar, jobba med One Direction, vera Justin Bieber sin dansar (0,8%!), kjendis, tryllekunstnar og å jobba på Statoil Ålgård.

Og så er det ein som drøymer om å bli kattemann.

President2

9,2 % vil bli lærar
5,4 % vil bli frisør
5,4% vil bli sjukepleiar
4,6% vil bli barnevernspedagog
4,6% vil bli ingeniør (sivilingeniør, petroleumsingeniør osb.)
4,6% vil bli rik
3,8% vil bli politi
3,1% vil bli skodespelar
3,1% vil bli lege
3,1% vil bli artist (popstjerne, songstjerne osb.)
2,3% vil bli designar («diseiner», «deseiner»)
2,3% vil jobba i barnehage
2,3% vil bli jurist
2,3% vil bli hjelpepleiar
1,5% vil bli ambulansearbeidar
1,5% vil bli astronaut
1,5% vil bli barne- og ungdomsarbeidar
1,5% vil bli dyrlege
1,5% vil bli fengselsbetjent
1,5% vil bli flygeleiar
1,5% vil bli gullsmed
1,5% vil bli gynekolog
1,5% vil bli helsefagarbeidar
1,5% vil bli jordmor
1,5% vil bli journalist
1,5% vil jobba på kafe
1,5% vil jobba i klesbutikk
1,5% vil bli kokk
1,5% vil bli pilot
1,5% vil bli sosionom
1,5% vil bli statsminister
1,5% vil bli vernepleiar

Vidare fordelte stemmene seg på arkeolog, arkitekt, arkivar, bartender, dansar (Justin Bieber sin), dronning, bossmann, dyrepleiar, folkemusikkformidlar, fotograf, «frisør, politi eller noge lignende», fysioterapeut, grafikar, helsesøster, jobba med One Direction, kattemann, kinematograf, kjendis, kjørelærar, lastebilsjåfør, leiar, miljøterapeut, museumslektor, president, psykolog, redaktør, rekrutterar, rettferdig konge, jobba i sminkebutikk, jobba på Statoil Ålgård, tryllekunstnar, tømrar og økonom.