Vil du bli rik? (del 2)

I vinter og i vår hadde Garborgsenteret ei skiftande utstilling i samband med likestillingsjubileet. Då fekk me inn 130 forslag frå gjestene våre om kva dei har lyst til å bli (eller allereie var). Mellom fleire overraskande yrkesval, viste det seg at eit av dei mest populære var «rik» (4,6% av det norske folket, faktisk – om Garborgsenterets gjester utgjer eit representativt utval). Les meir

Dette måtte me finna ut av.

Så me ringte til ein rik.

«Heisann, du. Eg ringer frå Garborgsenteret. Me har gjort ei undersøking og funne ut at 4,6% av norsk ungdom vil bli rik. Kva har du å seia til det?»

«Det var hyggeleg å høyra. Jau, eg meiner vel at folk skal bli det dei har lyst til. Og viss dei verkeleg ønsker å bli rik, så bør dei gå for det.»

«Er det lett å få jobb som rik?»

«Nå for tida så. For eit par år sidan var det verre. Det går opp og ned etter børsen, det.»

«Kva er fordelane med å vera rik?»

«God løn, for det første. Og lite skatt. Vidare har du heimekontor, fleksitid, stor lunsj kvar dag. Og båtplass på Bygdøy.»

«Ingen ulemper? Nokre mørke sider må det vera?»

«Svarte pengar er noko dritt. Skitne pengar òg. Samt paparazziar. Telefonen må alltid vera påslått. Og så skal alle vera venn med deg på Facebook. Plutselege besøk av politi og skattevesen kan òg forekomma.»

«Finn dei noko?»

«Det er det som er testen. Då må du slutta som rik.»

«Kva eigenskapar må ein ha?»

«Evne til diskresjon er viktig. Og så hjelper det om du er litt grisk.»

«Gjerrig også, kanskje?»

«Nei nei, det der er ein myte. Tvertimot er det særs viktig å kunna spandera på dei rette vennane.»

«Vil du seia at det er godt forhold kollegene imellom?»

«Både òg. Det var kje så lett i begynnelsen. Då eg var juniorrik, eller nyrik som somme seier, hendte det at eg følte meg litt utanfor. Nå, derimot, som eg har vore seniorrik ei god stund, kjenner eg forholda betre. Eg veit kva klede eg bør gå i, kva slags bil eg må ha, kva parti eg skal stemma på og syt for at ungane får framandklingande namn med stumme bokstavar. Og så må yachten vera på minst 50 fot, sjølvsagt.»

«50 fot berre? Eg trudde dei var større.»

«Eg sa seniorrik, ikkje magnat.»

«Så det er forskjellar innad i kollegiet?»

«Sjølvsagt. Det er det i alle yrkesgrupper. Det kjem an på bransjen, det.»

«Kva er dei beste bransjane?»

«Våpen, narkotika og kvitvasking er sikre kort, men mange av oss vert fråstøytt av slikt. Då kan olje, eigedom og krasjlandingar vera gode alternativ.»

«Sa du krasjlandingar?»

«Ein kan bli styrtrik på det.»

«Korleis skal ein gå fram då, for å bli rik?»

«Handelshøgskule er bra. Men det kan vera like effektivt å ha gullhår, godt kontaktnett, investera sparepengane i ung alder, arva ein god slump eller vera på rett stad til rett tid.»

«Har du nokre gode råd og tips til Garborgsenterets lesarar?»

«Begynn i det små. Sel sand, til dømes. Det er lurt. Etterkvart kan du avansera til grus og singel. Til slutt vert du steinrik.»

«Takk for praten.»

«Inga årsak. Sekretæren min sender faktura.»

«Kva? Meiner du… sa du… faktura? Men… kor mykje kjem den på, då?»

«Tid er pengar. Det kjem an på kor lenge me snakkar, det.»

«Men det er jo berre eit telefonintervju.»

«Telefonen gjer det lett å vera på rett stad til rett tid. Som eg sa, den må alltid vera påslått.»

«Nei, nå skjønar eg ingenting. Kva bransje er du i? Teletorg?»

«Eg jobbar i kommunen. «

«Gje deg. Kva kommune skulle det vera?»

«Ringerike.»

«Du, eg trur eg legg på, eg.»

«Nei, vent! Har du høyrt den om norsken, svensken og kaksen som skulle…»

«Klikk!»