Telma vart fordjupingsmeister!

Sju sterke finalistar i Fordjupingsmeisterskapen 2019

26. april gjekk Fordjupingsmeisterskapen av stabelen for femte gongen. Sju flinke elevar frå fem vidaregåande skular hadde kvalifisert seg til finalen. Vinnar blei Telma Eckhoff Dagestad frå Stavanger katedralskole, medan Jørgen Hestnes frå same skulen stakk av med Garborgprisen.

På bildet over ser me fordjupingsmeister Telma Eckhoff Dagestad og vinnaren av Garborgprisen, Jørgen Hestnes, flankert av avdelingsdirektør Inger Undheim og leiar for juryen, Stian Ravndal. Juryen skildra vinnarforedraget til Dagestad slik: «Frisk og original tilnærming til klassiske tekstar. Ei fagleg svært solid framstilling blir presentert forståeleg, elegant og levande.» Foredraget bar namnet Menneskenes hjerter og det ubevisste sjeleliv.

Dei andre deltakarane, som alle viste imponerenade kunnskapar og framstillingsevner, var Tormod Hegland Øvstebø og Karoline Bjerkreim frå Sandnes vgs, Henriette Klepp frå Sola vgs, Neesiga Kunasekarakm frå Dalane vgs og Odd Arne Fosse frå Tryggheim vgs. Juryen var også imponert over spennvidden i arbeidet som var gjort.