Levande saman med døden

Laurdag 15. juni var det urpremiere på Helge Torvunds "Alvorleg frisk". Skodespelar Morten Espeland las monologen for ein nesten full sal, med innleving - slik at publikum vart sitjande ytst på stolane, urørlege, i vente på det neste ordet, på pusta, på forteljinga om heigren og den rastlause mannen, toget og den alvorlege legen, svulsten og døden - ein død forteljaren handhelsar på.

Miniare

Eit bord, ein mann og eit glas med vatn.

Etter ei utfordring frå Arne Nøst, teatersjef ved Rogaland Teater, og fleire års arbeid, kunne forfattaren HelgeTorvund endeleg høyra monologen sin bli opplest. Scenen var Storsalen på Garborgsenteret, og skodespelar Morten Espeland hadde saman med regissør Erlend Samnøen arbeidd lesinga fram.

«Alvorleg frisk» viste seg å vera ein symboltett tekst, men aldri tung. Med musikalske verkemiddel held Torvund teksten i fast hand, så opplesaren beveger seg rette vegen, i rette farten, med alvorets bass. Forteljinga vekslar mellom det poetiske og det episke, det abstrakte og det handfaste, leia av gjentekne figurar og ord. Her er døden og det som eing gong skal dø, som eg og du, enn så lenge levande. Bodskapen er det høvet me har, høvet til å overkomma frykta, til å akseptera at døden er der, at du kan helsa på han, ta han i handa, seia «OK, det er der du er. Følg meg då».

Dette vil kunna ha ein funksjon utover den kunstnariske opplevinga, opplesen eller sjølvlesen. Det kan verka som om Torvund har funne direkteruta til lesaren – og ikkje berre den sjuke lesaren, dei alvorleg sjuke som kanskje snart skal døy – men òg den friske lesaren, den alvorleg friske som ikkje kjem på at det er det han er: alvorleg frisk.

Diktaren sjølv sat spent på første rad. Dette var nytt for han, han som har hatt stor suksess dei siste åra. Diktsamlingane og barnebøkene har slått an både hos publikum og hos bokmeldarane. Han når lesarar i titusentals på twitter og i bloggar og stilte til og med opp som skodespelar i Garborgsenterets krimkomedie.

Nå kan det sjå ut som at forfattarskapen utvidar seg – frå det skriftlege til det munnlege, frå det korte til det lengre; men utan på nokon måte å mista det poetiske av syne. Ein tekst som «Alvorleg frisk» eignar seg tvert imot til å nå fleire menneske med språkets musikk – syntaksen, ordleiken og rima finst her og – men der poesien hans hoppar og overraskar og kanskje forstyrrar og løftar lesaren inn og ut av det tilsynelatande kvardagslege – listar prosaen seg her varsamt på tå.

«Alvorleg frisk» stiller det store spørsmålet – ikkje om døden – men om me kan klara å handtera han. Og stykket svarar i same rørsla at me må leva med han, døden, akseptera han, døden, og då vil me og kunna setta pris på å vera friske.

Oppe
Like før dørene opna.

miniastDet er ikkje det sanne eller det falske som er temaet her, ikkje det å vera eller ikkje vera heller – men opplevinga av dette, opplevinga av sanning og liv, det å vera sin eigen eksistens medviten – og dermed vera i betre stand til både å setta pris på livet og takla den trugande døden. Og dette var noko publikum følte – gjennom alle dei femti minutta stykket varte. Dei sat stille, stille og lytta, lytta.

Eit bord, ein mann og eit glas med vatn.

Torvund maktar noko berre få forfattarar gjer, å dra lesaren, sjåaren, lyttaren inn i teksten fordi det angår han sjølv – ikkje for at han skal sjå på noko, ikkje for at noko står på spel for forteljaren eller at det er nokon i teksten ein kan identifisera seg med. Det handlar om lyttaren sjølv, hans eige liv – og død.

Nå veit lyttaren kor døden er. Han sit ved sida av, på same rad.

Helge

Etterpå var det ein lukkeleg diktar som takka Espeland for den flotte oppsetjinga, det minimalistiske arrangementet, og musikken.

Arrangøren, ved Garborgsenterets Inger Undheim, sa det slik: «Dette var lågmælt og jordnært, men hadde så mykje kraft og musikk i seg at eg berre kan kalla det fantastisk». Ho var ikkje den einaste som hadde tårer å tørka.

Det er grunn til å tru at Alvorleg frisk vil få leva – i hovuda på publikum og på nye scenar.

miniast

Å vera heilt levande
saman med døden.
Og det kjennest
heilt annleis
som ei trøyst i dette
at det skal halda fram
utan meg

(frå Alvorleg frisk)

*

Tekst og foto av Ørjan Johansen. Fotoet av heigren er tatt av Camilla Hoel.