Mysteriet om Arne Garborgs tresko

Mange av dei som har besøkt Knudaheio, har truleg lagt merke til at treskoa og lua til Arne Garborg er sett bak «lås og slå». Det er ein god grunn til det.

Obs! Ser du etter Garborgsenteret si utstilling «Treskomysteriet», klikk her

Mange av dei som har besøkt Knudaheio, har truleg lagt merke til at treskoa og lua til Arne Garborg er sett bak «lås og slå». Det er ein god grunn til det.

I heftet «Om Knudaheio» som Time kommune gav ut i 2003, og som er ført i pennen av Sigbjørn Reime, kan ein mellom anna lesa dette: «Treskoa og lua har (…) vore ein tur i USA. Dei vart tekne av ein norskamerikanar som vitja Knudaheio i 1931.»

Denne norskamerikanaren var professor Søren Lura som var på eit par månaders besøk i gamlelandet i 1931. Både før og etter turen til Norge vart han intervjua av den norske utvandraravisa «Nordisk Tidende», og ein del av intervjuet er med i boka «Av en utvandreravis saga» som kom ut i samband med avisas 75-årsjubileum i 1966.

Søren Lura var utdanna boktrykkar i Stavanger før han drog heimafrå som 22-åring i 1923. I oppveksten i heimbyen hadde han kasta seg over musikken. I Brooklyn tok han dei jobbane han fekk, og var både snekker, malar og litt av kvart anna. Han slutta seg til Bethaniakyrkja, og var eit ivrig medlem der, mellom anna i foreingsarbeidet, og spela der fiolin til underhaldning.

I 1925 vart han sendt som delegat til Luther League-konvensjonen i Minneapolis, og der lika han seg så godt at han gløymde å reisa tilbake til Brooklyn. Ferda gjekk så vidare til Chicago der han arbeidde både som snekker og boktrykkjar. I Chicago møtte han ein ung nordmann som tok han med til ein Bibelskule i Nord-Dakota. Lura tok arbeid ved ein sukkerroefabrikk og saman med inntektene frå fiolinspeling kom han seg gjennom eitt år på Bibelskulen. Seinare møtte han Oddvin Hagen som var dirigent ved St. Olaf College. Han vart lova å studera der sjølv om han ikkje hadde High School-utdanning. Han budde gratis på eit loft utan varme, og svalt, men greidde til slutt ein «Bachelor of Music»-grad. Det resulterte i ein lærarstilling i musikk ved Waldorf College.

Det var redaktør Carl Søyland, som vert rekna som den mest markerte redaktøren i avisas historie, som intervjua Søren Lura. Han avsluttar intervjuet før reisa slik:

«Pastor C. O. Pedersen kommer buldrende inn og spør etter Lura». Pastor Pedersen hadde som oppgåve å få Lura ombord i «Bergensfjord» i tide, og då Lura rekk fram handa for å ta farvel med Søyland, roper pastoren: «Ingen formaliteter». «Såvidt vites rakk de fram til båten før avgangstiden. Hvis det riktig skulle knepet, kunne jo Pedersen kjørt Lura ned i Det norske hospitals ambulanse med kling-klang og 60 miles i timen uten stopp for trafikklys.»

Knudaheio i dag.

Då Søren Lura var tilbake i New York etter Norges-turen var det klart for nytt intervju under tittelen «Han knep Garborgs tresko!». Og det er der musikkprofessoren plantar ei bombe. Lura fortel nemleg at han lir av samlarmani: «Hos meg går den særlig ut over gamle bøker og andre gamle ting, og jeg bringer en del storartede saker med meg: først og fremst 7-8 gamle bøker, som er både ett og to hundre år gamle. Fra min mors fødested bringer jeg et spinnhjul, en salmebok og et hundre år gammelt ostefat. Så besøkte jeg Garborgs gamle hjem, Knudahei på Jæren. Huset står tomt og åpent, der er ingen der nå; alt som fantes i huset var et par gamle tresko og en hue som hadde tilhørt Garborg. Så tenkte jeg at det var best at jeg tok det med meg….

– Men er De sikker på at disse har tilhørt Garborg?

– Joda. Jeg har sett bilde av Garborg med den huen på. Tregangene eller treskoene, som har overlær, hadde et utskåret hull på læret for Garborgs liktær….

Carl Søyland venta på eksplosjonen av dette intervjuet, og den kom etter at Stavanger Aftenblad hadde omtala hendinga.  I Aftenbladet vart Søren Lura presentert med fullt namn. Frå Stavanger Aftenblad spreidde historia seg over norsk presse, og Nordisk Tidende samla desse og laga ein førsteside-montasje med tre spalters overskrift: «Søren Luras befatning med Garborgs gamle tresko skaper sensasjon i Norge…. Lura, som er blitt tilbudt $500 for treskoene, er villig til å returnere sakene, hvis det garanteres at de vil bli tatt ordentlig vare på….» 17. mars er treskoa igjen på første side i Nordisk Tidende som kan fortelja at dei nå er på veg heim til Norge.

Faksimile Nordisk tidende 17.12.1931.

Herr Lura skreiv brev til Stavanger Aftenblad der han fortalde at namnet hans var pletta for alltid etter dei utidige skuldingane. Han ville derfor ha oppreising for han hadde ikkje teke treskoa, bare teke dei med sidan dei ikkje var innelåste slik museumsgjenstander burde vera.

I «Om Knudaheio» fortel elles Sigbjørn Reime at Luranamnet hadde kryssa Garborghistoria også tidlegare: «Bestefaren til Lura, lekpredikanten Søren Lura frå Stavanger og Sandnes, hadde ein liten flokk tilhengjarar på Eikeland i Time i 1860-åra, som litt uærbødig vart kalla lurianarar. Denne dissentverksemda uroa presten i Time, Gunnerus, som var ein god ven av far til Arne Garborg, Eivind. Søren Lura er truleg modellen for Søren Soma i «Fred»».

Tekst: Kjell Olav Stangeland.

Kjelder:
Karsten Roedder: «Av en utvandreravis´ saga. Nordisk Tidende i New York gjennom 75 år» (1966)
Sigbjørn Reime/Time kommune: «Om Knudaheio. Diktaren Arne Garborg si sommarstove på Jæren»
(2003 )

Artikkelen blei publisert første gongen i Jærbladet 10.07.2006 under overskrifta «Han knep Garborgs tresko» og er gjengitt med tillating.

Bilde, øvst: Ørjan Zazzera Johansen/Garborgsenteret. Midten: Thea Vahr og Nina Wilborn/Garborgsenteret. Nedst: K.K. Kleppe.


Har du lyst til å sjå skorne? Frå og med 1. mai er det opent i Knudaheio og Garborgheimen søn- og helgedagar mellom kl. 12 og 16. Les meir