Garborgbrød

Jærbakeren har lansert sitt Garborgbrød med ny pose, som Garborgsenteret har vore med på å utforma. Emballasjen har bilde frå Jæren, sitat av Arne Garborgs roman «Fred» og ein teikneserie om Arne og Hulda Garborg. Garborgsenteret får 1 kr per selde brød. Dette har kome i stand gjennom godt samarbeid mellom Jærbakerens daglege leiar, Fredrik Holst, og Garborgsenterets avdelingsdirektør, Inger Undheim.

Jærbakeren jobbar med distribusjon av brødet, men det er allereie å få kjøpt i bakeriet sine utsal.

Jærbakeren er ein kjede som begynte i Kleppekrossen i 1980, men som nå har heile sju utsal på heile Jæren. I 2017 blei det oppkjøpt av Arne Johannesen Bakeri og heiter i dag offisielt Jærbakeren Arne Johannesen, og er Jærens største handverksbakeri.

Teikneserien Huldas Heimestell har fått plass på posen. Det er Garborgsenteret som har laga denne.

«Dette må vera verdas finaste brød», stråler Undheim. «Og så smakar det kjempegodt!»

Det er eit herleg grovt brød med god skorpe, er saftig og bakt med blant anna fullkornmel, linfrø og solsikke. Og ja, det held seg godt òg!