Huldas Heimestell

«Huldas Heimestell» er ein teikneserie basert på Hulda Garborgs koke- og folkeopplysingsbok «Heimestell». Boka vart først utgitt i 1898, men me har brukt 1899-utgåva. I tillegg til hovudpersonen møter me ektemannen Arne og dei to kjenningane deira, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder. Du kan sjå mange fleire striper på Garborgsenteret sin Instagram-konto.

Ei av stripene er trykt på emballasjen til Jærbakerens Garborgbrød.

«Huldas Heimestell» er laga av Ørjan Zazzera Johansen.