Onsdag fekk me besøk av Butteguttas Brede Bergstad. Han sette buttehatt på den eine Garborg-bysten vår. Der skal den få bli lenge.
“Me er jo Bryne-supportarar her på Garborgsenteret”, seier leiar Inger Undheim.
Brede Bergstad er ein av frontfigurane i Buttegutta, ein ny generasjon Bryne-fans, som helst ikler seg den tradisjonelle bøttehatten. Viss du lurer, så er ei bøtte “butta” på jærsk. Bøttehatt blir “buttehatt”. Til samanlikning kan ei pølse til “pulsa” eller “pylsa”.
Brede held gangen på heimekampane, og etter kvart er det mange på Bryne som veit kven han er. Han var ein av dei første til å storma banen på laurdag.
“Det tok nokre minutt før eg kom til sjølv”, seier Brede. “Eg måtte bort til Robert Undheim og gratulera. Først etterpå forstod eg at hadde grine.”
Han gler seg til neste år, men det blir dyrt.
“Då skal me til Bodø og Trondheim og Kristiansund, og mange andre plassar. Nå må eg spara, så eg kan vera med på mest mogleg neste år. Eg vil helst få med meg alle bortekampane”
Heimekampane er han sjølvsagt alltid på, og han ser ikkje berre på herrane, men kvinnene òg. Og mange aldersbestemte kampar.
“Eg oppheld meg stort sett på stadion”, ler Brede, som saman med Buttegutta, B-gjengen og dei andre syng kampane gjennom. Det er lenge sidan det har vore så gildt å gå på kamp som i år. Både spelarane og fansen har gitt alt denne sesongen.
Buttehatten får Garborg ha på seg ei stund. Han er jo målmann. Han har forresten hatt supportarutstyr på seg før. Når Bryne slår Viking i cupen har han blitt kledd opp: tre gonger sidan Garborgsenteret opna i 2012. Og så hadde han kæps og skjerf på seg på Henie-Onstad i 2014.