Dei tilsette på Garborgsenteret har ein stor kompetanse og kjennskap til ekteparet Arne og Hulda Garborg og vert mykje brukt til å halda foredrag både på Garborgsenteret, men òg utanfor huset. Kvart foredrag varer mellom 30 – 45 minutt og me tilbyr følgjande tema:

Arne Garborg: livet hans, bøkene hans, avisene og tankane hans.

Hulda Garborg: livet hennar, bøkene og teateret, folkeopplysing, bunad og dans.

Saman forma dei Noreg: Om ekteparet Garborg, livet deira saman og kvar for seg. Litteratur, kultur, filosofi og politikk. Jæren og Hedmarken, Noreg og Europa.

Kontakt
For meir informasjon eller bestilling, ring 47 77 60 20 eller fyll ut skjema nedanfor.