Teaterslaget

Det store teaterslaget stod i Kristiania i oktober 1913. Det norske teatret opna på Bøndernes Hus og skulle spela nynorskteater. Hulda Garborg var styreformann og Arne Garborg språkleg konsulent. Han hadde omsett Holbergs Jeppe paa Bierget til nynorsk, og dette provoserte hovudstadsgymnasiastane, som nyleg var blitt pålagt å skriva sidemålsstil av stortinget. Dei ville øydeleggja forestillingane med piping, men målungdommen mobiliserte og det heile utvikla seg over ein tidagarsperiode. 16. oktober var kring 15000 inne i og rundt teateret. Over 40 måtte på legevakta og omtrent like mange blei arresterte.

Me fortel den dramatiske, men morosame, forteljinga om teaterslaget som var det største opprøret i Noreg i fredstid fram til då. Me får høyra om seinare biskopar som slost på kvar si side, nynorskspionen som avslørte gymnasiastane sine planar, kasseraren som plasserte målungdommen ved sida av gymnasiastane på galleriet, Hulda Garborg som blei så redd at ho rømte ut bakdøra og skrythalsen frå Sykkylven som meinte han var den sterkaste av alle.

Foredraget varer vanlegvis 45-60 minutt, me justerer lengda etter dykkar ønske. Kontakt garborg@jaermuseet.no eller ring 477 76 020 om du vil bestilla eller har spørsmål.