«Ein garborgsk roman-missil»

Skodespelar og Garborg-tolkar Torbjørn Berglund Eriksen lanserer lydbok av Arne Garborgs roman «Den bortkomne Faderen».

Det begynte med ei opplesing av Arne Garborgs Den bortkomne Faderen under Garborgdagar i januar 2019. Deretter følgde ein nasjonal turné. I tillegg til å lesa med sin vakre bass, har han komponert musikk til heile verket og spelar sjølv. Nå skal adaptasjonen ut på Pelikanen forlag som lydbok. Lanseringa skal foregå på Garborgsenteret søndag 5. september som ein del av Jorddøgn-festivalen.

«Prosjektet starta med lesing av Den bortkomne Faderen etter initiativ frå Inger Undheim. Eg var jo leigd inn som oppleser den gongen, men blei treft av ein garborgsk roman-missil som sidan har eksplodert sakte. Han vekte ei grundig undring i meg. Ei av undringane er kor aktuell denne boka framleis er.»

 Han komponerte ein del musikk til opplesinga, og etterpå reiste han på turné.

«Turneen ble avsluttet på TOU i Stavanger, der nokon ymta frampå om at dette burde bli lydbok. Eg hadde vore inne på tanken sjølv, men ofte gir det eit spark i baken at andre seier det same. Det hjalp òg betydeleg på at eg fekk kunstnarstipend frå Kulturrådet. Så hausten 2020 begynte eg å planlegga innspeling.»

Den fann stad nå i vår og sommar.

«Ikkje uventa har prosjektet vakse etter kvart som eg har jobba. Det har vore eit utruleg spennande arbeid – frå idear til komposisjon og det å setta saman musikk og tekst, og innlesing av romanen med etterfølgande mikse- og masteringsarbeid. Eg er nok litt overraska over kor mykje prosjektet har vakse. I utgangspunktet hadde eg til dømes ikkje planlagt å laga musikk til heile romanen, men eg oppdaga at akkurat dette konseptet trong det. Den assosiative musikken bidrar til å gjera plata særeigen. Likevel, den er ikkje meint å vera førande på anna vis enn å forsterka romanens ibuande kvalitet», seier han og poengterer at det først og fremst er Garborg sin tekst som gjer plata spesiell.

«Men ja, at dette er den aller første tonesette lydboka, indielydboka, av romanen, og fullstendig lokalprodusert, frå forfattar til produsent, utøvar, studio, forlag… det er jo også spesielt.»

Han seier at det har vore ei lang og god og interessant reise:

«Eg håpar innlesinga og fortolkinga eg gjer som skodespelar vil vera til glede for lyttarane. Og eg gler meg stort til å få lansera det endelege produktet. Ekstra stas er det at det skal foregå nettopp på Garborgsenteret.»

Det synst me òg!

Foto øvst: TOU studio. Nedst: Stine Rommetveit.

Du kan lesa meir om turneen i 2019 her: «Den bortkomne faderen er særskilt aktuell»