«Den bortkomne Faderen er særskilt aktuell»

Eg hadde levd som den bortkomne sonen og var som han komen i naud; men då eg som han søkte heim att, var Faderen borte.

20. og 21. november avslutta Torbjørn Berglund Eriksen Den bortkomne Faderen-turneen sin med to forestillingar på Tou i Stavanger. Då hadde han lese Arne Garborg sin roman frå 1899 på Garborgsenteret og innom Litteraturhuset i Oslo, Labråten i Asker, Nøtterøy og Feda. Boka er gjerne rekna som Arne Garborg sitt siste meisterverk, skriven då han var på veg inn i ein tung depresjon og samstundes som han bygde seg sommarstove på Jæren for å koma seg heim og familien flytta frå Kolbotn i Tynset til Labråten i Asker. Diktarens eksistensielle krise gav seg uttrykk i heimlengt, gudstvil og ein fullkomen poetisk form. I tillegg til å lesa har Eriksen komponert musikk som han spelar sjølv som ein del av forestillinga.

Avdelingsdirektøren på Garborgsenteret, Inger Undheim, initierte prosjektet i høve Garborgdagar 2019, og var full av lovord om Torbjørn etter ekstraforestillinga på Tou. «Torbjørn er ein ekstremt musikalsk skodespelar. I Den bortkomne Faderen er klang og rytme framtredande, men at han skulle komponera eigen musikk til forestillinga var likevel over all forventning. Resultatet har blitt umåteleg bra: vakkert, rørande, vemodig og frydefullt. Torbjørns lesing og musikk forsterkar den poetiske krafta.»

Og dei røynde sin visdom og sine sjåglas, og rekna seg gjennom himlar og heimar og ransaka stjernetåker og avgrunnar; men dei sa: «Faderen er borte, og me finn han ikkje.»

«Boka tek for seg tidlause spørsmål», seier Eriksen sjølv. «Det er derfor ein enkel sak å trekka fram aktualiteten. Men i vår moderne og omskiftelege tid kor gamle tradisjonar og truer i så sterk grad blir utfordra, meiner eg at Den bortkomne faderen er særskilt aktuell. Den er eit døme på at det å retta eit kritisk blikk mot kristen dogmatikk langt ifrå er eit nytt fenomen. Men på sitt djuptgåande vis er den samstundes eit døme på kor avgjerande det er at eit kritisk blikk er forankra i ei grunnleggjande respekt.»

Faderen er den som borna skapte i sitt bilete; og dei gjorde han stor, og sette han opp for seg til ei trøyst og til ei hjelp; for dei var småe og kunne ikkje vera faderlause. Men når dei vert større, og er misnøgde med tilhøva, og ikkje får hjelp når dei ber, og ikkje svar når dei spør, då går dei på leit etter Faderen og finn seg sjølve.

«Spørsmåla boka tek for seg er store og alvorlege», seier han. «Med ei forutinntatt haldning kan desse for mange bli oppfatta som depressive. Eg ville gjennom musikk framheva den sterke og positive livsviljen som må liggja til grunn for at Garborg i det heile valde å setja ord på desse tankane.»

Men då eg var åleine i det framande landet, og tok til å illtrivast, og hugen vart uroleg og dauden banka på, tenkte eg: om Faderen er borte, vil eg sjå barneheimen.

«Slekta mi stammar frå Time på Jæren», seier Eriksen, som er oppvaksen i Stavanger. «Oldefar min er fødd på Time og hadde ein landstad der. Familien tok gjerne turar til Knudaheio og Garborgheimen. Då eg var på Knudaheio for å ta bilete til prosjektet var det noko heimsleg ved å vera tilbake. På liknande vis får forfattarskapen til Garborg meg til å kjenna meg heime.»

Og eg sa med meg sjølv: Her vil eg døy. 

«Eg synest det er fascinerande kor ulik kvar framføring blir alt etter kor den finn stad. Turneen har vore som eit eventyr – heile tida ny. Det seier seg nok sjølv, men det å få framføra Den bortkomne faderen i stua til Hulda og Arne Garborg si heim på Labråten er ein augneblink eg aldri kjem til å gløyma.»

Nå er eg heimkomen, men ikkje heime.

«Og om det er noko eg angrar på? Det må vel vera at eg ikkje spurde om lov til å campa i hagen til Hulda og Arne på Labråten!»

Men endå vinn eg heim. Det er berre den siste kneiken att; og dette tronge rommet skal vera min inngang til kvila.

«Ein god ven og regissør har ein gong oppfordra meg som skodespelar til å oppdaga teksten samstundes som eg framfører han. Dette synest eg har vore ein god tanke å ha med meg i mitt arbeid fordi det handlar om å skapa rom for oppdagingar. Det same trur eg gjeld det å lytta til ein tekst saman med andre i motsetning til å lesa han åleine. Rett nok kan ein sjølvsagt oppdaga mykje åleine, men i fellesskap kan ein kanskje oppdaga meir.»

«Utfordringa ligg i forarbeidet. Som skodespelar er eg van med å tenkja dramaturgi. For å halda merksemda konsentrert i så lang tid, krev det grundig gjennomtenkt dramaturgi. Fordelen med å minimera både scenografi og tal på skodespelarar på scena, er at publikum i større grad skaper seg sine eigne bilete.»

Og eg tenkte meg om og sa: Kva vil eg med Faderen? Eg har aldri kjent Faderen.

«Prosjektet, som fyrst blei initiert av Inger Undheim, opna opp ein ny innfallsvinkel for meg til det å driva med scenekunst. Det å mininera uttrykk, og berre oppdaga ei tekst i fellesskap med andre,
vekte på sitt enkle vis ei sterk interesse som eg fekk lyst til å utforska vidare. Eg trur eg vel å setja opp eit skilje mellom litteratur og god litteratur. God litteratur er viktig.»

Eg trudde på Gud og var redd; for Gud var farleg. Han gjætte meg med augo av eld, og han såg alt; og alt var vondt; og alt vondt kveikte hans harme, og Herrens dag skulle koma som ein tjuv om natta.

«Det er alltid ei god kjensle å fullføra noko», seier han om at turneen er over. «Særleg når det har blitt så godt mottatt. Men ferdig med prosjektet er eg nok ikkje. Den bortkomne Faderen ligg klar til høvet dukkar opp

Og alltid når eg ville vera glad måtte eg gløyma Gud.

«Dette blir noko nytt og annleis», seier Eriksen om Kolbotnbrev, som han skal lesa under Garborgdagar 2020. Kolbotnbrev kom ut i 1890 og er eit spesielt verk med heilt andre kvalitetar enn Den bortkomne faderen. Kanskje går det an å seia at dei to bøkene er ein slags motpolar i Arne Garborg sin forfattarskap. Anerkjende er dei likevel, begge, og særskilt naturskildringane i Kolbotnbrev er blitt løfta fram av mange. «Eg har no gjort meg nokre erfaringar med lesing av ei tekst av Garborg», seier han. «Men dette er ein annan tekst, og eg vel å sjå på utvalet eg skal lesa frå Kolbotnbrev med heilt friske augo. Som skodespelar har eg vent meg til å seia minst mogleg om kva eg sjølv synest, slik at teksten sjølv får seia det ho vil til kvar enkelt.»

Og Faderen er borte; men når dagen lir til kvelds går eg heim til mor, til mi rette mor, heim til naturen.

«Kolbotnbrev? Eg gler meg!»

Urframføringa av Kolbotnbrev er ein del av Garborgdagar 2020 og skjer på Garborgsenteret søndag 19. januar. Me gler oss òg!


Tekstutdraga er henta frå Arne Garborgs Den bortkomne Faderen, revidert av Sigbjørn Reime, utgitt av Time kommune i 2008.

Foto, øvst: Ørjan Zazzera Johansen, Garborgsenteret, tatt etter framføringa av Den bortkomne faderen på Tou i Stavanger 20. november 2019.

Foto, nedst: Ove Larsen, tatt under framføringa av Den bortkomne faderen på Huset i Feda 16. oktober 2019.