Arne Garborg treng perfekt temperatur på føtene, men nokon har tatt treskoa hans! Han manglar berre det siste ordet i den siste linja i det siste diktet i den nyaste boka si! Kan du hjelpa han med å finna skoa, slik at han kan fullføra verket?
Finn mistenkte og spor i Knudaheio, lensmannskontoret, kasjotten, damskipskaia, atelieret, kontoret….
Spelet passar for 5.-10. klasse. Varigheit 60-90 minutt.
Anbefalt for ca. 15-20 elevar om gongen. Eit tips til dei som må dela klassen, er at halve klassen kan vera på Time bibliotek.