Spelet «STRID»

STRID er eit interaktivt spel som gir deltakarane eit innblikk i mellom anna bruk av media, språk og ikkje minst deltaking i demokratiet.

Det interaktive spelet STRID vekker konkurranseinstinktet. Mens klokka tikkar ned, får deltakarane ei forståing av at språk er meir enn berre ord. Både identitet, likestilling, demokrati, rettferd og kultur blir viktige moment i spelet, akkurat som i det verkelege livet.

Kort om opplegget

  • Deltakarane skal løysa ein særs tilspissa språkstrid i det fiktive Heimland. I Heimland vurderer ein å gå over til engelsk som offisielt språk, og elevane skal setta seg inn i argumenta for og imot eit slikt språkbytte.
  • Språksituasjonen ein møter i STRID, er på mange måtar samanliknbar med tilhøva i Noreg i dag, med ein fastlåst konflikt rundt kva språk ein skal velja.
  • I løpet av spelet må elevane løysa mange ulike oppgåver der får visa si forståing for argumenta og kva saka dreier seg om.
  • Det heile kulminerer i ein debatt og ei folkeavstemming – kven vinn? Kva språk endar ein med i Heimland?
  • Som oppsummering trekker formidlar trådar til språksituasjonen i Noreg i dag, kva er likt og ulikt? Kvifor er språk så viktig for oss? Treng me verkeleg både nynorsk og bokmål?

Klasse/trinn: Vidaregåande skule

Tidsrom: Heile året

Varigheit: 90 minutt

Tal deltakarar: 6-30 pers.

Pris: 650 kr + 30 kr per elev

Send førespurnad