Omvising i Garborgheimen og Knudaheio etter avtale. I Garborgheimen fortel formidlar om Arne Garborg sin oppvekst, om kvardagslivet på den tida og om sjølve huset. I Knudaheio er fokus på forfattarskapen, naturen og den vaksne Garborg.
Omvisning i Garborgheimen:
Opplev Arne Garborg sin barndomsheim. Koss var det å veksa opp på den tida, og koss var det for vesle Arne i Garborgheimen?
Kort om opplegget
Formidlar viser rundt i Garborgheimen og fortel om:
- Jærhuset og koss Garborgheimen skil seg ut
- Arne Garborg sin oppvekst her
- Livet på det gamle Jæren
Elevane får sjå seg om i huset
Klasse/trinn: 8.-10. klasse
Tidsrom: Mai – september
Pris: Gratis
Varigheit: 1 time
Ein kan òg besøka Garborgheimen på eiga hand, då kjem ein ikkje inn i huset, men utanfrå kan ein arbeida med oppgåver knytt til byggeskikk og livet på 1800-talet.