Koss var det då Arne Garborg var liten? Kva var han opptatt av, og koss var det å veksa opp? Her får barna høyra om koss Arne, eller Aadne, fekk namnet sitt, og om kvardagslivet på Jæren midt på 1800-talet.
Kort om opplegget
- Formidlar les og fortel om Arne Garborg sin oppvekst og det gamle Jæren
- Barna får utforska utstillinga: kle seg ut, teikna og bygga med ordklossar
- Fri leik inspirert av forteljingane
Klasse/trinn: 1. – 4. klasse
Tidsrom: Heile året
Varigheit: 1 time (inkl. tid til fri leik)