Eit møte med dialektsituasjonen i Noreg i dag, ulike dialektar, bakgrunnen for dialektskilnadane og litt om Garborg sitt syn på knot og dialektutvikling. Elevane får utforska sin eigen dialekt gjennom aktivitetar.
Kvifor har me så mange dialektar i Noreg? Klarer du å gissa kor dei ulike dialektane høyrer heime? Og kva er knot?
Kort om opplegget
- Formidlar gir elevane ei innføring i norske dialektar. Kva er bakgrunnen for dialektskilnadane, koss høyrest dei ulike dialektane ut, og kva vil skje med dialektane i framtida?
- I tillegg blir det litt om Garborg sitt syn på knot og dialektutvikling.
- Elevane får utforska sin eigen dialekt gjennom ulike aktivitetar.
Klasse/trinn: 8.-10. trinn
Tidsrom: Heile året
Pris: Gratis
Varigheit: 60-90 minutt