Bli kjent med byen din

Bygaiding i Bryne sentrum

Bli med på ein rundtur i Bryne sentrum! Me går gjennom Fritz Røed-parken til Bryne mølle og Kaizersplass, deretter gjennom Storgata til torget. Gaiden frå Jærmuseet fortel om korleis Bryne vaks frå ein vanleg gard til handelssentrum og byen på Jæren. Du får høyra om den spennande næringslivshistoria, det viktige jordbruket, landsgymnaset og fotballklubben som gjorde staden landskjend. Me kjem inn på store jærbuar som Eirik Raude, Arne Garborg, Kaizers Orchestra, Pøbel og Erling Braut Håland.

Tid: 45 minutt eller etter ønske.

Send førespurnad