Knudaheio ligg i bakkane over undheim og har nydeleg utsikt over Jæren. Dette er ein fin plass å gå tur, eit par hundre meter frå parkeringsplassen. Her finst steintrapp opp til steinskulpturen av Arne Garborg og huset og hagen hans. Me kan låsa dykk inn og fortelja om Arne Garborg og korleis han hadde det her for hundre år sidan.
Omvising i Knudaheio etter avtale.
Omvising i Knudaheio
Opplev Arne Garborg si skrivestove. Kven var Arne Garborgog korleis hadde han det her for hundre år sidan?
Kort om opplegget
Formidlar viser rundt i Knudaheio og fortel.
Kva kan me læra:
- Blir kjent med nokon historiske endringar i lokalmiljø og samfunn
- Utviklar forståelse for ulike tradisjonar og levesett
- Erfarer at grunnleggande spørsmål er vesentlege, ved at det blir gitt høve og ro til undring og tenking, samtalar og forteljingar
- Tileignar seg samfunnets grunnleggande normer og verdiar
- Får innsikt i grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon og deira plass i kulturen
- Blir kjent med religion, etikk og filosofi som del av kultur og samfunn
Klasse/trinn: Barnehage
Tidsrom: Mai – september
Varigheit: 1 time