Jakt på svara i Garborgsenteret. Skriv eit dikt, leit i bokhylla og høyr på den snakkande kista.
Kort om opplegget
- Elevane blir delte i grupper og får oppgåver dei skal løysa ved hjelp av utstillinga, slik blir dei betre kjende med Arne og Hulda Garborg.
- Oppgåvene gir eit breitt norskfagleg spenn og er tilpassa kompetansemåla. Elevane i ungdomsskulen får eit innblikk i språkhistoria vår. Medan elevane i vidaregåande skule får eit innblikk i ekteparet Garborg, både som forfattarar og som kulturhistoriske størrelsar.
Klasse/trinn: 8.-10.. trinn
Tidsrom: Heile året
Pris: Gratis
Tid: 30-60 minutt