Den nye målmannen

Garborgsenteret 30. mai 2013: formidlaren tok ei gruppe NSB-pensjonistar med på omvisning iført Bryne-caps, avdelingsleiaren humra for seg sjølv i timevis og fortalte alle om dottera på fem som kvelden før for første gong hadde fått vera med på fotballkamp - og det mest spesielle av alt: utstillingsleiaren frå Akershus skjøna kva det gjekk i då folk sa "gratulerer med dagen i går."

Sjølvsagt hadde det å gjera med at Bryne slo Viking ut av cupen. Øks og sverd beit ikkje på traktorar. Og mykje av æra for det skal den nye målmannen ha: Anders Kristiansen.

Den gamle målmannen er Arne Garborg, sjølvsagt. Time har tradisjon for å få fram gode målmenn. Før var det landsmål som gjaldt, nå er det fotball. Garborgsenteret likar begge delar, og fekk lov til å ta bilete av den nye og den gamle tida: den gamle og den nye målmannen.

Anders Kristiansen og Arne Garborg

Avdelingsleiaren vart så engasjert at ho kledde opp den eine av museet sine Garborg-bystar…

Anders Kristiansen og Inger Undheim

… og vil la lua vera på så lenge Bryne heng med i cupen.

Arne Garborg i Bryne-lue

Pimp din Garborg!

Takk for besøket, Anders. Og takk for at du tek opp hansken og vidarefører gode målmannstradisjonar. Og til stavangerfolket, som ikkje finn brynemålet, har den gamle målmannen noko å seia (på dansknorsk, slik at dei forstår): «La oss arbeide hver med sitt, bymann!»

(Frå Kolde stråler, 1899)

Og nokre månader seinare hamna den gamle målmannen på Henie-Onstad!

Skrive av Ørjan Johansen