«Draumane smiler sin varme kjærleik»

Me hadde besøk av Vebjørn og Aune Sand. Den første prøvde teiknebordet, den andre diktarhjulet.

Vebjørn Sand, Aune Sand og biblioteksjefen i Time, Aud Søyland Kristensen.

Vebjørn Sand har ei flott utstilling på Forum Jæren akkurat nå, vegg i vegg med Garborgsenteret og Time bibliotek. Syskenbarnet deira er biblioteksjef i Time, og ho tok dei med på lunsj i Garborgstova og ei omvising på biblioteket og på Garborgsenteret. Aune dikta på diktarhjulet, Vebjørn teikna på teiknebordet – og så endte det med ei opplesing frå det nyutgivne bokverket «500 sitat av Arne og Hulda Garborg«.

Formidlaren fekk portrettet sitt teikna av Vebjørn (det skal i glas og ramme), og Aune sitt diktarhjuldikt vart slik:

«Draumane smiler sin varme kjærleik».

Flott, ikkje sant?!

Og til sist las Aune, sjølv aktuell som forfattar med romanen «Jordbærmus», sitat av Hulda og Arne Garborg.

Takk for besøket! Og lukke til med både roman og kunstutstilling!