Jærmuseet har gitt ut fem bøker med sitat av Arne og Hulda Garborg

Verket er inndelt i fem bind (dei kan kjøpast som samling eller som einskildbind):

Ord av Arne Garborg

Ord av Hulda Garborg

Ord om kjærleik

Ord som svir

Ord som veks

Utgivar er Jærmuseet.

Bøkene kom til etter initiativ av Vilhelm Skjærpe, mannen som står bak utstillinga på Garborgsenteret (gjennom firmaet Mediafarm), som opna i 2012. Han gjekk nøye gjennom Arne og Hulda sin litteratur under arbeidet med utstillinga, samla sitat som kunne brukast, og endte opp med stort overskotsmateriale. Han har, saman med Garborgsenterets Inger Undheim og Gunhild Hammeraas, stått for utvalet. Språket er modernisert av Undheim, Hammeraas og Sigbjørn Reime (som tidlegare har modernisert Arne Garborg sine jærbøker). Bilde og layout har Skjærpe stått for.

Så vidt me veit er dette første gongen sitat av Hulda Garborg vert publisert i ei samling, og at dette er den mest omfattande samlinga sitat av Arne Garborg.

Boka vart lansert torsdag 3. desember.

sanninga