Gratis inngang i Garborgsenterets utstilling for barn i grunnskulealder i vinterferien måndag til fredag. Leik, lær, kle deg ut, spel.
Treskomysteriet er eit escaperom-inspirert detektivspel for heile familien. Finn Arne Garborg sine tresko og hjelp han med å skriva ferdig diktsamlinga si.
24. februar | “Den store lille filosofen og den rare lyden”
Måndag 24. februar kl. 12 kjem forfattar og filosof Maria Mjaaland Sele for å lesa og fortelja frå si siste barnebok, “Den store lille filosofen og den rare lyden”. Les meir’
25. februar | Bunadkafé
Ønsker du å brodera, montera, veva eller anna til bunad? Både erfarne og nybegynnarar er hjarteleg velkomne 25. februar kl. 18.00 – 21.00! Les meir
26. februar | Trylleshow med Vidello
Ei fortryllande forestilling for heile familien. Onsdag 26. februar kl. 17.00 – 18.00! Les meir
27. februar | Kurs i kreativ skriving
Forfattar og lesevitar Ørjan Zazzera Johansen i lag med bibliotekar og standup-komikar Ove Martin Mellemstrand held kurs i kreativ skriving 27. februar kl. 19.00 – 21.00. Påmelding her