Vinterferien 27. februar – 6. mars

27. februar 2021 - 6. mars 2021
Garborgsenteret
Gratis

I vinterferieveka, måndag 1. mars til og med fredag 5. mars, har me gratis inngang for alle ungar. Laurdag 6. mars er det gratis inngang for alle (noko me har den første laurdagen i månaden gjennom heile 2021!).

Opningstidene våre er måndag til laurdag, kl. 10-15.

På Garborgsenteret er det mykje å finna på for heile familien. Her kan de utforska og fordjupa dykk i tekstane og tankane til eit av landets viktigaste ektepar, de kan setja fram eigne meiningar, oppleva musikalske adaptasjonar, sjå filmar, leika i berget, kle dykk ut, teikna, skriva dikt og mykje meir! Les meir om den faste utstillinga her

29. januar opna me ei heilt ny utstilling: Verdas rikaste land. Her kan de sjå og høyra korleis barn frå låginntekstfamiliar i Noreg har det. Visste de at 11 prosent av alle nordmenn er under denne såkalla «fattigdomsgrensa»? Verdas rikaste land viser fattigdommen med lokalt perspektiv. Korleis står det til på Jæren? Les meir om Verdas rikaste land her

Søndag 28. februar har me stengt.