Pris til utstillinga «Verdas rikaste land»

28. april kunngjorde kulturminister Abid Raja at Museum Stavanger (MUST) fekk fekk utmerkinga «MOT i Museet» for utstillinga «Verdas rikaste land». Kriteriet var at utstillinga skulle vera»eit innovativt, kreativt og spennande prosjekt innan formidling av forsking og forsking på formidling». Sju museum var med i finalen der MUST gjekk av med sigeren.

Me gratulerer og synst det er utruleg hyggeleg at denne utstillinga nå står hos oss, og at ho skal gjera det heilt til utgangen av 2022! Du kan læra meir om arbeidet MUST har gjort her:

«Verdas rikaste land» spør korleis det er å veksa opp i ein låginntektsfamilie i dagens Noreg. Me møter ungdommane Leo, Silje og Sahra i krevjande livssituasjonar. I ein heilt spesiell installasjon, hjartet i utstillinga, fortel dei om tankane sine, kjensler, utfordringar og draumar.

11,7% av alle barn i Norge veks i dag opp i ein familie med dårleg råd. Det er meir enn ei tredobling sidan 2001, og det ser berre ut til å auka. I utstillinga blir me kjend med ungdommane sine utfordringar og vanskar, men òg draumane deira og kva dei ønskjer for framtida.

Utstillinga er laga av MUST og har stått i Stavanger, men ho har nå fått fleire nye element, mellom anna har elevar frå Bryne vgs dokumentert kvardagen sin og intervjua 137 personar om fattigdom på Jæren.


«Det er sjeldan at museumsutstillinger held fram med å leva i bevisstheita mi så lenge som denne. Eg tør våga påstå at eg har tenkt på ho minst ein gong til dagen sidan eg opplevde ho, og sjølv månader seinare bruker elevane mine ho som referanse. Det seier mykje om kor viktig ho er – dette var sterke inntrykk!»

Signhild Stave Samuelsen, Bryne ungdomsskule