Verdas poesidag med Helge Torvund 21. mars

21. mars 2016 19:00
Garborgsenteret, Hetlandsgata 11, Bryne
100,-

På verdas poesidag 21.mars kl.19 er me så heldige å få besøk av Helge Torvund! Poeten frå Hå skal lesa frå si siste diktsamling, «Alt brenner», som kom ut i januar. Torvund har skrive meir enn 40 bøker og har opparbeidd seg ein status som ein av landets mest folkekjære poetar, og er ein av få som får trykt opp diktsamlingane sine i fleire opplag.

«Alt brenner» har fått flotte kritikkar. Utdrag kan lesast her. Ein bolk i boka er monologen «Alvorleg frisk» som blei utframført på Garborgsenteret i 2013.

Kvar nye diktsamling frå Torvund er ein litterær happening, og denne vil bli ståande som eit hovudverk.

Vel møtt i Storsalen!