Foredrag: Historia om Knudaheio som minnestad

1. september 2018 13:00
Storsalen
100,-

Alt før Arne Garborg døydde i 1924, var skrivestova hans Knudaheio på Jæren blitt ein utfartsstad. Då Arne Garborgs oske vart sett ned i gravhaugen i Knudaheio i 1925, fekk staden ein heilt konkret og spesiell funksjon som minnestad. Hulda Garborg vart også gravlagt same stad i 1935. Inger Undheim frå Garborgsenteret  vil  fortelja om korleis Arne Garborgs sommarstove Knudaheio vart utvikla som minnestad av Arne Garborg sjølv, men òg av sentrale aktørar som Rogaland Landsgymnas og Time mållag.

Foredraget har bakgrunn i artikkelen «Knudaheio som minnestad» frå boka Forfattarens skriftstader (Samlaget, 2018).