Garborgsenteret har bidratt i ny bok

I vår kom boka «Forfattarens skriftstader» ut. Undertittelen er «Litterære museum i norsk minnepolitikk» og artikkelsamlinga er hovudsakleg skriven av tilsette ved litterære museum i Noreg. Fleire er skrivne av redaktør Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum. Mellom dei andre artiklane finn me «Bløffen om Ibsens kjøkken», eit spennande stykke akademisk gravearbeid som gav artikkelforfattar Jørgen Haave Hjernekraftprisen. Andre artiklar handlar om det delte synet på Knut Hamsun i Grimstad, Bjørnson-året 2010, Hans Børli – og Arne Garborg. Sistnemnde heiter «Knudaheio som minnestad» og er skriven av Garborgsenterets Gunhild Hammeraas, Ørjan Zazzera Johansen og Inger Undheim. Dei har tatt føre seg bruken av Garborg si skrivestove Knudaheio. Korleis blei Knudaheio ein minnestad? Det er denne stova som pryder boka si framside.

Boka er utgitt på Det norske samlaget og er til sals i museumsbutikken vår.

«En svir å lese.» Eyvind Bagle, Museumsnytt