Veslemøy snakkar ut

"Burde forstått at Jon ikkje var noko å satsa på"

No er det rett nok eit par veker sidan Haugtussa-vandringa gjekk av stabelen (fire forestillingar i Knudaheio 1.-4. september), men historia er jo av universell interesse, ikkje minst kjærleiksdramaet mellom hovudpersonen Veslemøy og sleipingen Jon ifrå Skarebrote. Garborgsenteret var så heldig å få nokre ord med Veslemøy etter at det verste oppstyret hadde lagt seg. Me gjekk rett på sak:

– Korleis var det å bli dumpa fire gongar på fire dagar?

– Det var hjertesmerte kvar gong, det.

– Burde du ikkje ha skjønt, iallfall den tredje eller den fjerde dagen, at Jon ikkje var noko å satsa på?

– Kanskje det, hehe.

– Kva tykkjer du om han i ettertid?

– Jon vil alltid vera spesiell. Han var den einaste som trudde meg, som forsto meg. Difor er det vondt at han valte den rika megga ifrå Ås framfor meg.

Haugtussa_012web

Etter desse orda vert litteraturens Veslemøy omgjort til den særs levande og sjarmerande Gerd Elin Birkeland – songarinne, skodespelar og nyutdanna dansepedagog ifrå Universitetet i Stavanger. Ho er faktisk på flyttefot i desse dagar, då ho skal til sommarlege Portugal for å studera der eit semester.

– No, Gerd Elin, er du ikkje ungjenta Veslemøy lenger. No går me rett på dei tunge, filosofiske spørsmåla.

– OK.

– Kva tykkjer du om sylteagurk?

– Mislikar det noko heilt vanvittig.

– Javel. Du er jo både dansar, songar og skodespelar, lesarane vil nok svært gjerne vita korleis du har lært deg alt dette. Så, Gerd Elin, syng du i dusjen?

– Svært sjeldan, men når eg køyrer bil, derimot, då gaular eg av full hals. Det vil seie: når eg køyrer aleine.

– Dansar du på bordet?

– Aldri.

– Er du god til å spele full?

– Haha, ikkje i det heile tatt. Eg er heilt elendig.

– Men likevel beherskar du tri ulike kunstformer?

– Eg er fyrst og fremst dansar. Skodespel har eg inga erfaring med, men det bør eg kanskje ikkje seia her? Men på ein måte er det ikkje heilt framand. Å utøva dans handlar i hovudsak om å formidla noko gjennom rørsler. Så sånn sett er det jo likskapar. For meg, og kanskje alle dansarar, er jo kroppen instrumentet, ein vert van til å gjera det meste utan at det er flaut eller vert for personleg. Intimgrensene opphøyrer, på ein måte. Men med ein gong eg skal bruka stemmen vert det hakket meir personleg. Ein kjem nærare kjernen, liksom, det som er meg. Difor har dette vore ei god utfordring for meg, det å bli trygg på si eiga røyst, meir trygg og kjend med korleis ho kan brukast til å nyansera teksten, på same viset som kroppen artikulerar rørslene. Det var songen som utfordra meg mest, og som kravde mest av meg.

– Kva ambisjonar har du?

– Å leva av det å utøva dans. Men etter denne rolla i Haugtussa, som var ei heilt ny oppleving for meg, er det spennande å sjå at det også finst givande og utfordrande roller som byggjer på andre aspekt enn berre det dansariske.

Ho smilar.

– Det er spennande å leva og sjå kva som ventar bak neste sving. At eg blir verande i dette gamet ei stund, det kan eg seia for sikkert!

– Kva gjorde at du valte å satsa på dans og eit artistliv?

– Då eg skulle velje vidaregåande skule valte eg rett og slett feil! Då eg fekk vite kva eg hadde kome inn på, måtte eg gå gjennom tre fasar for å bearbeida informasjonen. Eg hadde kome inn på danselinja på Lundehaugen vidaregåande, eg som ikkje kunne dansa! Den fyrste fasen var sjokk, den andre var fornekting og den tredje var gråt.

– Snakkar du sant no?

– Eg vart overtalt til å gje det ein sjanse. Og tru det eller ei, det kunne ikkje ha vorte betre. Endeleg fant eg det som var for meg, noko eg treivst særleg mykje med, og som eg merka at eg meistra! Det var deilig.

I dag har ho ikkje berre fullført danselinja på vidaregåande, ho er sågar ferdig med tre av fire år på Universitetet i Stavanger, der ho er i ferd med å ta bachelor-graden i dans med integrert PPU. Ho er allereie blitt dansepedagog, men står framfor det siste, i hovudsak utøvande, året.

– Korleis fekk du rolla som Veslemøy?

– Eg hadde skadd ankelen og hadde difor ikkje nokon bra dansetime på skulen. Midt i timen kom Hallgjerd Byrkjeland [regissør, red.anm.] inn. Etter timen sa ho at ho var interessert i om rolla som Veslemøy kunne passa meg. Eg måtte møte henne for ein liten audition sienare, kor ho fekk høyra meg synge og for å vita om eg kunne beherska nynorsken. Det gjekk tydeligvis greitt, sidan ho same dagen tok meg i handa og gratulerte med rolla. Men ho var i tvil, og det med god grunn.

– Korleis var det å opptre utandørs?

– Magisk. Veslemøy var i sitt eige rike, ho høyrte heime der. Det var difor lettare å få kontakt med henne, samt oppleva alt i nuet for naturen og omgjevnaden gav så mykje. Stykket vart ikkje innøvd på vanleg måte, men noko oppsto der og då, eg fekk ulike impulsar av vêr og vind kvar dag. Sidan terrenget var utfordrande å opptre i, gav det også ei ekstra nerve i alt som skjedde. Ein måtte vera enormt fokusert på kvar ein trakka, samstundes veldig avslappa i den frie og vakre naturen.

Haugtussa_002web

Haugtussa_029web

– Kaldt, kanskje?

– Hehe, eg ler no av alle laga med ull eg til slutt greidde å lura under kjolen. Det var ubeskriveleg kaldt, spesielt fredagen [dagen bileta er tekne, red.anm.]. Då var temperaturen nede i 11 grader, og det blåste noko veldig. Det tok berre to minutt til eg var nummen i heile kroppen. Eg lo inni meg, og lurte på korleis eg skulle halda ut i halvannan time. Me dansarar gjekk barbeint heile forestillinga, men dei andre dansarane hadde ullteppe bak steinar dei gøymde seg bak, men eg var synleg frå start til slutt. Men det var så definitivt verdt det! Veslemøy sprang barbeint omkring, ho, så det var berre stas for meg, og heilt på sin plass.

– Korleis var stemninga?

– Forskjellig kvar kveld. Kanskje mest avhengig av vêret. Men gjennomgåande var det kollektivt god stemning bak i teltet før kvar forestilling. Koret varma opp, dansarane gjorde seg klare, sminken vart lagt og siste finpuss kom på plass. Det var ei deilig kjensle, og alle berre gleda seg til å starte.

– Gjekk ingenting gale?

– Svært lite. Det var mykje vind på heia då, så at lyden av og til forsvann var kanskje det største problemet. Men forholda tatt i betraktning var det mest eit under at ingen falt og skada seg. Glatt og kupert terreng var det, men ingen var skada i all springinga og dansinga. Hurra for det.

– Kva var den største utfordringa?

– For min del var det det å plutseleg skulle gjera både skodespel med mykje tekst, dans og song om kvarandre. Eg hadde aldri gjort ei rolle som kravde alt på ein gong, så mi største utfordring var å fletta det fint i hop, få det til å verta heilt naturleg.

Det kan me som såg på bekrefte at ho klarte. Gerd Elin både dansa, song og spelte så uanstrengt og feiande flott at me gløymte at ho var skodespelar. Ho smelta saman med naturen i Knudaheio og vart verkeleg til Veslemøy – derav spørsmåla om Jon fyrst i intervjuet. At han kunne behandla den søte jenta slik! Det kjentest heilt uhøyrt for oss publikummarar.

– Kva var det beste då?

– På enkelte, ofte veldig passande augneblinkar i forteljinga, kom sola igjennom og sette spotlighten på. Fantastisk! Søndagen var det meldt flom og det var stor fare for at me måtte avlyse. Likevel vart det den mest fortryllande dagen med tanke på omgjevnaden. Rett før start kom ei tjukk tåke veltande inn over kollen. Det vart ein trolsk stemning, kor til og med sola somme tider gløtta gjennom. Alt berre levde!

Haugtussa_013web

– Var du nokon gong redd for at vinden skulle blåse i kjolen og skapa eit «Marilyn-moment»?

– Hehe, i starten var eg ofte nervøs for det. Då blåste det så mykje at kjolen heller sto rett opp enn å henge ned. Lite lekkert med tanke

k på ullshortsen som kom til syne under. Ikkje var det lett å dansa heller.

– Kva likskapar er det mellom deg og Veslemøy?

– Eit godt spørsmål, og eit spørsmål eg sjølv har stilt for å kunna relatera til liknande opplevingar i mitt eige liv. Mange har opplevd å bli avvist i løpet av livet. Om det er ditt livs største kjærleik eller ei lita forelsking, så er kjærleikssorg inga enkel sak. Det er hjertesmerte som ikkje er lett å kome over. Veslemøy klarte likevel å reisa seg igjen, og det gjorde også eg.

– Stillar du opp igjen om tri år?

– Dei har ei ny Veslemøy for kvar oppsetting, noko eg trur er viktig. Då lever stykket vidare, rolla vert tolka på ulike måtar, alt etter skodespelarens sterke og svake sider. Dette gjer rolla ekte. Men eg kjem uansett til å sitte blant publikum og sjå på forestillinga i 2014. Det gler eg meg veldig til.

– Tusen takk for intervjuet, Gerd Elin. Til slutt vil eg berre spørje om det er rett at du er ifrå Sandnes?

– Ja. Slekta mi er ifrå Gjesdal, men sjølv er eg fødd og oppvokst i Sandnes. Eg er Sandnes-jente, eg.

Eg burde ha skjønt det.

– Så så. Ingen er perfekt. Du likar vel Sandnes Ulf, du då?

– Nei nei, Bryne er fotballaget mitt. Utan tvil!

Perfekt likevel altså. Betre Veslemøy går det ikkje an å tenkje seg. God tur til Portugal, Gerd Elin!

Haugtussa_028web

Tekst: Ørjan Johansen / Foto: Torjei Reime.