Verdas første diktarhjul?

Diktarhjulet er ein installasjon til Garborgsenteret si faste utstilling. Måndag kunne idékokaren, Mediafarms Vilhelm Skjærpe, endeleg slita seg opp trappene til Garborgsenteret med hjulet på ryggen.

Det var tungt, men Skjærpe er sterk. Direkte frå produsenten, IKM Industrigravøren AS, overleverte han meisterverket sitt til Garborgsenterets to jublande damer, Inger Undheim (t.v.) og Gunhild Hammeraas (t.h.).

«Åååååå!» sa Undheim.

«Jaaaaa!» sa Hammeraas.

Varsamt la dei sine mjuke, neglelakkerte damehender på ein ny, norsk attraksjon. Diktarhjulet består av fem stålringar montert utanpå kvarandre. På kvar av dei er det inngravert ei mengde ord som tilhøyrer spesifikke ordklassar. Til ordvalet har Skjærpe og Garborgsenteret fått hjelp av Helge Torvund.

Drei på ringane og du kan skapa endelaust med setningar.

DiktarhjuletDetaljWebDiktarhjulet2toWeb

«Ååååå!» sa Undheim.

«Det der har du sagt før,» sa Hammeraas.

«Jau jau, men eg meiner det jo framleis,» sa Undheim.

«Er det greitt eg tek meg ein røyk?» spurde Skjærpe. «Det må feirast, dette.»

Idet diktarhjulets opphavsmann rusla mot døra, steig Garborgsenterets formidlar fram frå skuggen. Med grove mannenevar tok han på det iskalde stålet. Han rørte ved hjula, snurra dei som leikne ballerinaer i eit nybona konserthus. Han skreiv:

«Mørkret visnar blant kveldblå svevn»

Han var ein poet.

Her kan du sjå ein demonstrasjon av Diktarhjulet hos Stavanger Aftenblad.
Skrive av Ørjan Johansen