Haugtussa 120 år: «Veit du den song»

Helge Torvund er poet og psykolog og har skrive eit førtitals bøker, diktsamlingar, gjendiktingar og fagbøker. Han har også drive Diktkammeret i Dagbladet gjennom fleire år. Torvund er oppvokst på Nærbø, berre nokre kilometer frå Garborgriket. "Veit du den song" er skrive i anledning Haugtussa sitt 120-årsjubileum.

Dikt er verkelege. Dei høyrer til i den røynda der ein veks opp. Dei er ein del av det landskapet der ein høyrer verda syngja, anten det er sus av sjøbris, sorl og sirl av vassfylt bekk eller songen frå eit ope vindauge i eit klasserom.

Dikt er verkelege. Eg kjenner dei att og dei rører ved sinnet på same måten som morgonlyset og kveldsregnet rører ved sansane. Dei var der då eg var barn, og dei var til å ta innover seg og vera i.

Eg kan framleis kjenna stemninga frå klasserommet på Bø skule, då me song ”Småsporven gjeng i tunet” og eg minnest frå den tida og for alltid dei første linjene frå ”Vårdag”:

Å nei, for himmel rein og klår!
Å sæle meg, no er det vår!

Det er sterk kjensle i dette tilbakehøyrebiletet; angen av matboks og skrelt gulrot, melkeflaske og ransel. Skrivebøker og tavlekrit. Heile den vonde redsla for å gjera noko gale eller ikkje å vera god nok, og sausa saman med det gode i fellesskapet, kameratskap og det å bare vera mange. Seinare vart ein kjent med dei andre av dei aller mest nytta tekstane i ”Haugtussa”:

Til deg, du hei og bleike myr
med bukkeblad,
der hegre stig og heilo flyr,
eg gjev mitt kvad.

Haugtussa 120lig

For ein som meg, som er særskilt interessert i poesi og psykologi og i Jærlandskapet, er jo Haugtussa eit funn. Så musikalske tekstar, så lydmalande linjer og så djup innsikt i menneskesinnet. Og måten Garborg smeltar saman landskap og sinnskap, slik at lyngsvarte marker og tunge tankar gå opp i ein heilskap, på same måten som ein kan kjenna korleis det trygge, milde og mjuke finst både i det indre og i ein varmeflaum av sol over landskapet. Det er visse ting i livet og visse verk i litteraturen ein aldri vert ferdig med. Haugtussa høyrer med blant desse.

Helge Torvund