Garborgsenteret og Time bibliotek leiger ut Storsalen, eit auditorium med plass til i overkant av 100 personar. Her er det mogleg å arrangera middagar, sjå filmar, halda møte og konferansar.

Rommet er fullt utstyrt, med plass til 100 i kinooppsett, 65 plassert ved bord til eit måltid. Salen har lydanlegg, projektor og lerret og kan brukast til konferansar, festar, øvingar med meir. Prisane (ekskl. mva) er som følger:

Lag og organisasjonar: kr 750,- per time.

Privatpersonar: kr. 700,- per time på dagtid (08-16), kr. 1000,- per time etter på kveldstid og i helgedagar.

Leigar inkluderer vertskap, reinhald og bruk av utstyr i rommet. Viss det er behov for fleire vertar, vert det ein ekstra kostnad per time. Om arrangementet varer i åtte timar eller meir, ta kontakt for eigen avtale.

Det er òg muleg å leiga møterom eller heile huset, og bruka både biblioteket, Garborgstova og Garborgsenteret til å ha ulike tilstellingar.

Kontakt

Send bestilling/førespurnad til garborg@jaermuseet.no