Seks av dei sju kommunane som eig stiftinga Jærmuseet, går nå inn for at alle mellom 20 og 67 år (unnatak er førtidspensjonistar og dei som framleis er skuleelevar), skal skriva sidemålsstil. Dette for å halda norskkunnskapane ved like.
Undheim viser til nyare forskning (sjå artikkel i Aftenposten her), som tyder på at dei som brukar både nynorsk og bokmål får same positive effekt som fleirspråklege. Språkøyra vert trena opp og ein utvidar ordforrådet.
“Dette er i Arne Garborgs ånd,” seier ho. “Det er nå meir enn hundre år sidan Garborg drog i trådane og fekk sidemålsstilen innført. Nå er det på tide å ta eitt steg vidare. Alle, også dei vaksne, skal få lov til å utvikla evnene sine.”
Skriftleg innkalling blir sendt ut i løpet av våren.
“Ikkje i år, men kanskje til neste år,” forklarer Undheim, “kan stryk eller skulk føra til ein liten straffeskatt.” Ho smiler. “Den vert i så fall berre på nokre få hundrelappar. Til gjengjeld har me beslutta å gje alle som får karakteren fire, eller betre, gratis inngang på Garborgsenteret.” Ho klappar i hendene. “Og dette gjeld allereie i år!”
Kommunane det gjeld er Time, Klepp, Hå, Sandnes, Randaberg og Sola. Gjesdal har foreløpig sagt nei, men vurderer å bli med neste år.
Prøvane skal gå føre seg på forskjellige vidaregåande skular, og Undheim seier at den siste utfordringa blir å få norsklærarane til å ta meirarbeidet.
Eit anslag går ut på at 35-40 prosent skal skriva bokmål, og tilsvarande 60-65 prosent nynorsk. Dette fordi den største kommunen, Sandnes, i mange år har nytta bokmål i undervisninga.
Spørsmål om tid og stad for din kommune kan rettast til inger.undheim@jaermuseet.no eller ring 975 32 529.
Skrive av Ørjan Johansen
PS! Dette var aprilsnarren vår for 2013!