Ta ein #sjølvi!

Bruk norske emneknaggar

Ta ein sjølvi og merk biletet #sjølvi og #garborgsenteret, så kan du vinna ei T-skjorte!

Har du tenkt på kor mykje meir #løye det er med #emneknagg ( eller #skigard) på norsk? Nynorsk, bokmål eller dialekt? Kva med #følg eller #dilt i staden for #ffnor? #bel (berre eitt liv) i staden for #yolo (you only live once)? #elsk eller #kjærleik i staden for #love? Eller #sjølvi i staden for #selfie?

Bruk fantasien! Språket er eit leiketøy! Boltra deg på sosiale media, Instagram eller Twitter eller noko anna, og bruk dei emneknaggane DU likar!

Tek du eit bilete av deg sjølv på Instagram og merkar det med #sjølvi og #garborgsenteret, så kan du altså vinna ei stilig #sjølvi-T-skjorte!

#lukketil!

Her er nokre saker om Garborgsenteret og #sjølvi:
Framtida
Firda
TV2

Sjølvi har også blitt diskutert på Kulturnytt på P2.

#Følg oss gjerne på Instagram, Twitter og Facebook!

PS! Det er også mogleg å kjøpa T-skjorta i museumsbutikken vår, Bøker & bart!