Synne blei fordjupingsmeister

Synne Jørgensen frå Vågen vann Fordjupingsmeisterskapen 2022. 22. april arrangerte Garborgsenteret denne årlege konkurransen om beste framføring av fordjupingsoppgåva i norskfaget.

Sju avgangselevar frå den vidaregåande skulen hadde kvalifisert seg til finalen, men eit forfall gjorde at det var seks som stilte. Desse var Emma Dahle frå Sandnes vgs., Helene Marie Njå og Kari Valhammer frå Stavanger katedralskole, Emilija Bruzaite og Synne Jørgensen frå Vågen vgs., og Judith Andrea Aanestad frå Tryggheim vgs. Forfallet kom frå Kaia Bruno frå Tryggheim.

Me fekk oppleva seks dyktige elevar som hadde interessert seg for vidt ulike tema innan norskfaget. Me fekk analysar og forsking på songlyrikk, dialektar og fleire romanar og romanforfattarar.

Juryen brukte lang tid på å bestemma seg. Denne bestod av professor Jan Kristian Hognestad og førsteamanuensis Margrethe Sønneland frå UiS, lesevitar og pensjonert biblioteksjef Aud Søyland Kristensen, og lærar Stian Ravndal frå Garborgsenteret. Til slutt kåra dei Synne Jørgensen frå Vågen til årets fordjupingsmeister. Ho vann med foredrag om bruken av svarabhaktivokalen i Stavanger-området. Professor og språkforskar Jan Kristian Hognestad var imponert og meinte at Jørgensen kunne ha oppdaga noko heilt nytt. Særleg var han opptatt av at ho hadde funne ut at vokalen blir brukt annleis i spørsmål enn andre samanhengar. Hovudpremien var på 3000 kroner.

Les meir om svarabhakti hos Wikipedia.

Judith Andrea Aanestad frå Tryggheim vann garborgprisen. Ho hadde undersøkt korleis pietismen kom til syne i romanane «Fred» av Ane Garborg og «Stormfulle høyder» av Emily Brontë.

Garborgprisen gjekk til Judith Andrea Aanestad.
Seks flinke finalistar!

Høyr innslag med Synne på NRK Rogaland.