Sommaren 1892: Då Hulda blei forfattar og Arne skreiv Fred

Vinteren 1892 var Arne og Hulda Garborg i Roma. Dei hadde med seg sonen Tuften og naut livet. Det var ei slags danningsreise. Roma var verdas navle, det historiske knutepunktet i Europa. Dei lærte om Italia og Romarriket, koste seg med italiensk mat og vin, dei sosialiserte og hadde fine dagar saman.  

Arne hadde allereie bestemte seg for kva han skulle gjera når dei kom heim. Det var noko han hadde gått og tenkt på i fleire år allereie. Han skulle skriva sin “naturalistiske jærroman”. Frå det europeiske vidsynet skulle han trekka inn i seg sjølv. Frå verdshistoria skulle han fokusera på si eiga historie, oppveksten på Jæren. 

Helten skulle vera “han far”, Eivind Garborg, hustyrannen. 

Han trong å skriva dei vonde tankane frå seg. Han trong å skriva om livet på Garborg, faren og sjølvmordet hans. Det skulle bli romanen Fred. Men han skulle leggja godsida til. Han skulle prøva å forstå faren. Kvifor var han som han var? Kvifor gjekk det som det gjekk? Korleis påverka han familien? 

Hulda hadde også begynt å planlegga. Ho nemnde tankane sine for Arne, og han støtta henne. Dei hadde vore gifte sidan 1887 og han hadde sett kva som budde i henne. Ho hadde hjelpt han mykje med romanen Hjaa ho mor, som kom to år før, og han oppmuntra henne til å skriva sjølv, noko som ikkje var vanleg på denne tida. Det fanst ingen forfattarektepar i Noreg på denne tida. Det fanst forfattarar og konene deira, koner som hjalp til. Nokre gjorde rett nok meir enn kva som var venta av dei, til dømes Suzannah Ibsen, som nærast tvang mannen sin til å skriva ei viss tid kvar dag.  

Men Hulda ville skriva sjølv. Ho hadde drøymt å bli forfattar sidan tenåra. Ho brann alle dikta sine då ho blei kjærast med Arne. Den gongen var ho redd den berømte forfattaren skulle meina dei var dårlege, men nå var ho blitt tretti år og var ikkje redd lenger. Så medan Arne skreiv Fred skulle ho skriva ein roman, ho òg. Også det skulle vera ein naturalistisk roman med utgangspunkt i eigne opplevingar. I sju år før ho gifta seg hadde ho arbeidd i butikk, vore såkalla “butikkjomfru”. Derifrå hadde ho kunna sjå oppover og innover i borgarskapet, og utover mot unge jenter som drog til byen etter arbeid, utan ressursar eller utdanning, gjerne lette å utnytta. 

I 1890 hadde Arne med hennar hjelp skrive romanen Hjaa ho mor, delvis bygd på Hulda sin eigen oppvekst. Og i romanen hans, Mannfolk, hadde ho bidratt med informasjon om korleis det var å vera ung kvinne i Kristiania og arbeida i butikk. Nå ville ho ta historia eit steg vidare, fortsetta der mannen slapp, så å seia, og skriva ei forteljing om ei butikkjomfru som blir forført og innleier eit forhold til butikkeigaren. Det underliggande spørsmålet er om dei blir lukkelegare, eller friare, av det? Er forholdet eit resultat av kjærleik eller dei sosiale forholda? Angår det berre dei involverte, eller også familiane deira og andre tilsette i butikken? 

Kan ei ung kvinne frå lågare samfunnslag vera jambyrdig med ein gift butikkeigar? Romanen stiller spørsmål om moralsk ansvar, kjønnsroller og avstanden mellom fattig og rik. Kva er eit fritt forhold, og er det i det heile tatt mogleg å vera fri i eit forhold? 

Også Arne var klar til å ta eit steg vidare: frå å skildra kona sin oppvekst i Hjaa ho mor ville han nå skriva om sin eigen. 

Det kom til å gjera vondt, og han visste det. 

Tidleg på våren drog dei til Sør-Italia. Der fekk dei mellom anna med seg Pompeii, før dei begynte den lange og slitsame reisa heimover: mot Noreg, skriveprosjekta og framtida.  

Familien reiste mykje i desse åra. Her er dei i Tyskland i 1890. Foto: Nasjonalbiblioteket.

I mai kom dei til Noreg, men dei sette seg ikkje på toget nordover til heimen Kolbotn på Tynset. Dei drog til Stavanger. Den beste staden for Arne å skildra Jæren var sjølvsagt på Jæren. Ved hjelp av ei barndomsvenninne hadde han fått leiga eit rom på Salte i Orre sokn. Der skulle han få fred til det sjelelege djupdykket sitt. Herifrå kunne han sjå sanddynene ved havet mot vest og fjellrekka mot aust, og store delar av det vide og flate jærlandskapet mellom dei.  

Han kunne skildra det han såg, la det smelta saman med det han hugsa. 

Hulda og Tuften skulle bu hos Jon, bror til Arne. Han hadde overtatt garden på Sandal ved Stavanger, der familien hadde flytta etter at faren hadde tatt livet sitt på Garborg. Arne hadde òg budd der; i sommarferiane medan han var student, og ein gong i eit halvt år medan han dreiv Lærer-standens Avis.  

Huset står ennå, ombygd i fleire omgangar. Merka etter trykkeriet i andre etasje var synlege til 2010-talet. 

Noko av det første familien gjorde i Stavanger, var å oppsøka ein fotograf. Dei fekk sitt første ordentlege familiebilde saman med Tuften. Og sidan dei ikkje skulle få fleire barn, var familien allereie komplett. 

Foto: Norland/Nasjonalbiblioteket.

Dei pynta seg, fiksa håret – sjølv om Arne greidde å rota til hentesveisen sin før fotografen knipsa. Den største utfordringa var å få sonen på fire år til å sitta stille lenge nok. At dei ser alvorlege ut har nok mest med den lange lukketida fotoapparata hadde på den tida. Dei måtte finna uttrykk ansikta kunne kvila lenge i. Likevel er det noko ekstra innbitt med blikket til Arne. Skaparkrafta hans var høg desse åra. Meisterverka trilla ut av han. Dei to siste åra hadde han gitt ut tre bøker: to av dei meisterverk (Kolbotnbrev og Trette menn) og den siste blei ein stor internasjonal suksess (Hjaa ho mor).  

Han fekk skyss dei tre mila sørover til Jæren. Salte var eit område han var fortruleg med, det låg på vegen mellom Garborg og Nærlandsstranda, der han så ofte hadde vore med faren for å henta sand. Det var eit område med minne om faren, dette, objektet for sjelegranskinga. 

Det er lett å sjå føre seg korleis Arne Garborg snikra dei berømte opningssetningane inne i seg medan han rusla rundt på Salte og tenkte, berre ein kilometer frå stranda. 

«Opp frå den låge sandstranda tøyer seg eit armt, grått land med lyngbrune bakkar og bleike myrar, oversådd med kampestein, trelaust og bert; avstengt mot aust med ein lang, låg fjellgard. Endelaus synest den nakne hei. Men her og der blånar ei einsleg tjørn som ligg og gror att, eller eit stort, stilt vatn. Her susar vinden dag og natt. Og gråvêret ligg lågt over vidda, der haren rømer frå stein til stein og allslags brun og spetta og vill fugl ligg i løynde reir og blinkar og blundar.

Over det heile spenner himmelen seg vid og grå, frå fjellgarden til havs og så vidt ein ser – det einaste ljose over tilværet.»

Hulda skulle skriva og passa sonen samtidig. Det blei ikkje lett, men heldigvis hadde guten både søskenbarn og dyr å leika med på garden. Hulda si største utfordring viste seg å bli svigerinna. Kona til Jon, Kristina, tykte ikkje at skrivearbeid sømde seg for ei kvinne. Ho ville helst ha Hulda med på handarbeid og drøs i stova. 

“Det er skrækkeligt”, skreiv Hulda til Arne. Han måtte koma i pinsen for at ho skulle sleppa å vera åleine med Kristina. 

Etter kvart fann ho meir tid til å skriva, og i løpet av eit par hektiske sommarmånadar skapte ho ein roman på 170 sider.  

Innimellom fekk ho tid til nokre svippturar saman med Tuften til Salte for å besøka Arne. Romanen Fred, og Arne Garborg sin sommar på Salte, gjorde inntrykk på dei lokale bøndene. Dette er dei stolte av 130 seinare. Einskilde minne og historiar lever ennå. Mellom anna blir det fortalt at diktaren ikkje likte ungar, eller meir presist, ungebråk, og at ein måtte vera stille når han skulle skriva – og han skreiv jo nesten heile tida. I følgje seg sjølv skreiv han “som en gal Mand”. 

Huset finst ikkje lenger, men gardeigaren har markert plassen det stod på. 

Då Arne var ferdig med manuset, reiste han tilbake til kone og barn på Sandal. Der sette han seg ned og las Hulda sitt manus til Et frit Forhold. Han vart imponert. Dei fekk hjelp av ei tenestejente, Josefine Aakre, til å reinskriva manusa og senda dei til forleggaren Mons Litleré i Bergen. Litleré hadde venta på Fred, men det andre manuset visste han ikkje noko om. Det hadde ikkje ein gong forfattarnamn. 

Forleggaren blei begeistra for begge manusa- Han svarte fort. At Fred skulle ut var sjølvsagt, og allereie avtalt, men han ville gjerne gje ut det andre manuset òg – under føresetnad av at han fekk vita kven forfattaren var. 

Slik gjekk det til at Arnes Fred og Huldas Et frit Forhold kom ut på same forlaget, om lag samstundes. Fred blei ein stor suksess, både i Noreg og Tyskland, og skulle bli ein av dei store romanklassikarane i den norske bokheimen. Verken lesarar eller bokmeldarar visste kva erfaringsgrunnlag som låg i botn, men boka fekk strålande kritikkar. Ein skreiv jamvel at Garborg hadde litt av ein fantasi. Et frit Forhold gjorde det også godt. Kritikkane var gode og boka kom i andre opplag i november. Litleré selde mellom anna 500 eksemplar til den skandinaviske bokhandelen i Chicago, som berre vil ha 300 av Fred. “Men no maa De ikkje sjaa ned paa mannen Dykkar for det”, skreiv forleggaren spøkefullt til Hulda. 

Garborg, på si side, skreiv om Et frit Forhold til Litleré: “Sant aa seia er det ei merkjeleg god Bok.” 

Hulda, derimot, var litt flau. Ho hadde drøymt om å bli forfattar sidan ho var tenåring, men nå som ho var blitt det, beklaga ho seg i brev til systera: ”Jeg har gjort en Bok, jeg føler trang til at bede alle skikkelige Folk om Forladelse, og jeg lover høytideligen at jeg aldrig skal gjøre det mer.” 

Amalie Skram, derimot, skreiv følgjande til Arne etter å ha lese Et frit Forhold: “Hun er forfatter! … af hende kan vi vente store ting.” 

Skram hadde rett, store ting kom. Hulda tok feil, ho skulle skriva om lag førti bøker til. Teaterstykket Mødre kom i 1895, og i 1896 skreiv ho det som skulle bli det mest oppsette stykket i norsk teaterhistorie: Rasjonelt fjøsstell. Hulda blei ein feira dramatikar. Ho var den første kvinna som blei sett opp på Nationaltheatret, og etter århundreskiftet fortsette ho forfattarskapen med romanar, dikt og viktige sakprosabøker.  

Då Svenska Akademin vurderte Arne som nummer to etter Knut Hamsun før utdelinga av Nobelprisen i 1920, var det nettopp Fred dei gav mest merksemd og sette høgast av bøkene i forfattarskapen hans.  

Hulda heldt igjen trykkinga av Et frit Forhold for å få med seg denne helsinga til Arne.

Hovudkjelder:  

Garborg, Arne: Fred. Språkmodernisert av Sigbjørn Reime. Time kommune 2005.

Garborg, Hulda: Et frit Forhold. Mons Litleré 1892.

Gatland, Jon Olav: Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré. Samlaget 2018. 

Skre, Arnhild: Hulda Garborg. Nasjonal strateg. Samlaget 2011. 

Dersom ikkje noko anna står, er bilda tatt av Ørjan Zazzera Johansen, Garborgsenteret.