«Som å vakna til eit kalas!»

Den sjuande oktober 2011 var det julekveld på Garborgsenteret. Og ikkje berre var det jul på hausten, men kvelden kom midt på dagen òg. Klokka fem over halv to kom nissen inn dørene (det er ikkje pipe på Garborgsenteret) - i ein ærverdig boksamlars ham.

Odd Jørstad, bokhandlar i Storgata på Bryne i 45 år, frå 1951 til 1996, og kledeleg skjeggprydd for anledninga, hadde med seg to øskjer fulle av dei mest storslagne gåver.

Kva han hadde med seg?

Julenisse_Jrstad_017web

Bøker!

Haugevis med vakre, deilige, vidunderlege Garborg-bøker. Kornmoe, og Symra, og Den store Freden, Fru Evas Dagbog, Mann av Guds naade, Fra Kolbotnen og andetsteds – berre for å nemne nokre av dei rundt 80 bøkene julenissen hadde med seg. For det var Hulda sine bøker som fekk avdelingsleiaren på Garborgsenteret, Inger Undheim, til å skrike av lukke (rett nok eit lågt skrik, men det var berre fordi det ligger eit bibliotek i etasjen under). For Garborgsenteret, som for ganske nøyaktig eit halvt år sidan gjekk ut i media og sa dei ønskte seg bøker, hadde så langt berre fått inn eit titals skrivne av Hulda Garborg. Til julenisse Jørstad kom – for då vart samlinga plutseleg fleirdobla.

Nokre av bøkene var meir enn hundre år gamle!

Og fyrste årgangen av Arne si avis, Den 17de Mai, komplett – ifrå 1894!

Julenisse_Jrstad_023web

«Eg går rett i klisjear om eg skal kommentera dette», seier avdelingsleiar Undheim. «Det er så fantastisk. Dette er bøker og aviser me ønskte oss sterkt. Og særleg stas er det med Hulda-bøkene, dei vil me ha fleire av». Og med det oppfordrar ho lesaren til å sjå i hylla eller på loftet om det finst nokre gamle eller nye bøker du ikkje har bruk for – av Arne eller Hulda – eller bøker som berre er tematisk relaterte til dei. Garborgsenteret vil gjerne stilla dei ut, lata dei vera til glede for alle vitjarar!

Undheim trekk pusten.

«Som å vakna til eit kalas, julaften, ein bursdag du ikkje visste om.»

«Me vil teikna eit stort bilete av Arne og Hulda», seier ho. «Alt som kan relaterast til dei, tankar eller handlingar, er av interesse.»

Julenisse_Jrstad_019web

Odd Jørstad, Inger Undheim og utstillingsleiar Gunhild Hammeraas beundrer bokhylla der bøkene skal stå – til glede for alle. Og som ein kan sjå i bakgrunnen: det er full aktivitet i utstillingslokalet. Garborgsenteret reknar med å opna dørene på seinvinteren eller til våren.

Skrive av Ørjan Johansen