Smith kom heim

4. oktober 2014 var den unge forfattaren Nils Henrik Smith på gamle trakter for å presentera sin nye roman, Se ilden lyse over jord. Me tok ein prat med han.

Du bur i Berlin. Kva har det å seia for forfattarskapen din?

Å leve i ein by med ei så dramatisk nyare historie, bidreg kanskje til at eg reflekterer meir enn kva eg elles ville gjort over kor sterkt kvart einskild menneskeliv er eit resultat av omstende langt utanfor vår eigen kontroll, og dette er jo eit viktig tema – ja, kanskje sjølve hovudtemaet – i den nye romanen.

Ho handlar òg om sosiale media og dating med austeuropeiske kvinner. Korleis kom du inn på dette?

Det eg faktisk gjorde, var å skrive ei forteljing om samfunnsutviklinga i Noreg frå femtitalet og fram til i dag, sett gjennom livet til denne fyren, ein ingeniør i Statens vegvesen. Slik sett er det symptomatisk at romanen opnar med at hovudpersonen har ein draum om Lillehammer-OL, som for meg er den viktigaste hendinga i norsk historie mellom landssvikoppgjeret og 22. juli 2011. Eit avgjerande vendepunkt. Året før hadde Gro Harlem Brundtland lansert sin legendariske hypotese om at «det er typisk norsk å være god». Den nasjonale manifestasjonen på Lillehammer medførte at denne hypotesen vart omdefinert. Frå og med februar 1994 har det vore det typisk norsk å vere betre enn alle andre. Det er sjeldan at nokon seier dette rett ut, men tendensen til å tru at det norske samfunnet er moralsk overlegent alle andre samfunn, er påfallande. Vi har ekstremt høge tankar om oss sjølv. Denne tankegangen vil eg gjerne utfordre. Det er óg ein av grunnane til at 22. juli spelar ei viktig rolle i romanen. Tragedien vart ein sjanse til å demonstrere for verda kor grunnleggjande gode vi er. Rosetog. Barn av regnbuen. Fagre ord om demokrati. Hovudpersonen i romanen – som har ein son som har hatt eit psykisk samanbrot som konsekvens av at ei jente han var lærar for, vart myrda på Utøya – klarar ikkje å forsone seg med tanken om at hatet skal møtast med kjærleik, og han kjenner seg fortvila fordi han opplever det som sosialt umogleg å gje uttrykk for sine eigentlege kjensler. Romanen handlar om einsemd, om tapserfaringar og om jakta på kjærleiken, men freistar og å stille spørsmål ved om det er samsvar mellom kva slags samfunn Noreg er, og kva slags samfunn vi vil at det skal vere.

Har Jæren og heimstaden Bryne hatt noko å seia for litteraturen din?

IHimmel Smith-sitat to av dei tre romanane mine finn delar av handlinga stad på «ein liten stad i den sørvestlege delen av landet». For alle som veit kven eg er og kor eg kjem frå, er det vel opplagt at denne staden er Bryne. Når eg aldri eksplisitt stadfestar dette, er det hovudsakleg fordi eg ynskjar å verne om min kreative sjølvråderett: Viss eg vil at det skal liggje ein kinarestaurant i ein sveitsarvilla midt i Storgata, så gjer det dét, sjølv om verken restauranten eller villaen eksisterer i den såkalla røynda. Hadde eg sagt rett ut at dette er «Bryne», ville eg ikkje ha kunna tillate meg slike sprell. Jæren generelt og Bryne spesielt har vore, og er, viktige for meg som forfattar. Det var her eg vaks opp og tileigna meg eit grunnlag for å freiste å forstå verda, og dette er framleis viktige erfaringar, sjølv om eg sjeldan brukar dei aktivt. Både Jærens topografi – himmel og hav, jord og stein – og den jærske mentaliteten er viktige rekvisittar i mitt litterære univers, som eg verken vil eller kan vere forutan.

Eg aner spor av Solstads nittitalsromanar, er det heilt feil?

Generelt kan eg seie at eg ser opp til forfattarar som klarar å handtere intellektuelt utfordrande problemstillingar samstundes som dei har eit blikk for det kvardagslege, det universelt menneskelege, det som gjer eit liv til eit liv. Med andre ord: Viss Per Petterson og Dag Solstad var ein og same person, ville den personen vore ein bortimot perfekt forfattar. Kanskje særleg viss han var kvinne.

Garborg?

Mitt forhold til Garborg er prega av fotball. Eg deltok minst eit halvt dusin gonger i den legendariske Knudahei-turneringa, og fekk kvart år ein Undheim I.L-linjal i premie. Ganske originalt, men ikkje på nivå med baderomsflisene til Rosseland Ballklubb. Mitt sterkaste minne frå denne turneringa er at eg ein gong, eg trur det var i 1990, scora eit håplaust idiotisk sjølvmål fordi keeperen vår sto og flørta med jentene bak målet, og difor ikkje fekk med seg det heilt perfekt utførte tilbakespelet mitt. Trass i at det var opplagt for alle at målet var keeperen sitt ansvar åleine, var det likevel eg som fekk skulda for at vi tapte for Vigrestad, og ein kan såleis seie at Garborg indirekte lærte meg at livet er urettferdig. Men alvorleg talt: Eg er sjølvsagt big fan av Garborg, men entusiasmen for forfattarskapen hans er noko eg har tileigna meg på eiga hand i vaksen alder. Den Garborg-formidlinga eg opplevde gjennom skuleverket var diverre ganske eindimensjonal. Alt ved forfattarens liv og virke skulle forklarast ut frå det faktum at far hans var ein nevrotikar som ikkje klarte å forhalde seg rasjonelt til dette med kristendomen, og som difor dengte kone og barn og til sist hengte seg i fjoset. Dette var jo både trist og leit, sjølvsagt, men for meg verka det først og fremst utruleg sært. Eg meiner: Far din heng seg. Difor skriv du Småsporven gjeng i tunet? Eg får meg framleis ikkje til å tru på det. I seinare år har eg dog lært meg å verdsetje det faktum at heimkommunen min har fostra ein diktar av internasjonalt format, og er svært glad for at vi no har eit Garborgsenter som kan formidle forfattarskapen på eit meir entusiastisk og variert vis enn det som vart meg sjølv til del.

Er litteratur viktig?

Det er det utan samanlikning viktigaste av alt. Bortsett frå kjærleik. Og kanskje fotball.

Kva forventningar har du til haustens lansering?

For å vere ærleg: eg meiner Se ilden lyse over jord er ein roman som bør hamne på nattbordet til alle leseføre jærbuar, og håpar folk stillar opp i hopetal slik at eg kan få forklare dei kvifor.

Kvifor er det gått fem år sidan den førre romanen din?

Det er eit svært godt spørsmål, som eg gjerne skulle ha svart grundig og utfyllande på, men dette er diverre vanskeleg, ja kanskje til og me umogleg fordi… Sjå! Børre Meinset


Tillegg
Då Nils Henrik Smith kom, fekk han høve til å prøva seg på Diktarhjulet. Resultatet?

«Gjenferdet hatar framleis blodraude sjølvmål».