Koss var det då Arne Garborg var liten? Kva var han opptatt av, og koss var det å veksa opp?

Koss var det då Arne Garborg var liten? Kva var han opptatt av, og koss var det å veksa opp? Her får barna høyra om koss Arne, eller Aadne, fekk namnet sitt, og om kvardagslivet på Jæren midt på 1800-talet.

Kort om opplegget

  • Formidlar les og fortel om Arne Garborg sin oppvekst og det gamle Jæren
  • Barna får utforska utstillinga: kle seg ut, teikna og bygga med ordklossar
  • Fri leik inspirert av forteljingane

Kva kan me læra: (Barnehage)

  • Blir kjent med nokon historiske endringar i lokalmiljø og samfunn
  • Utviklar forståelse for ulike tradisjonar og levesett
  • Erfarer at grunnleggande spørsmål er vesentlege, ved at det blir gitt høve og ro til undring og tenking, samtalar og forteljingar
  • Tileignar seg samfunnets grunnleggande normer og verdiar
  • Får innsikt i grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon og deira plass i kulturen
  • Blir kjent med religion, etikk og filosofi som del av kultur og samfunn

Tidsrom: Heile året

Varigheit: 1 time (inkl. tid til fri leik)

Pris: 325 kr/t + 30 kr per barn

Send førespurnad